Planomtale

Krav til innleverte private planar i Os kommune - Vedlegg 2

Generell oppbygging av planomtale. Innhald og omfang vert bestemt etter aktuelle tema og behov:

Bakgrunn (berre fakta)

  • Kven er tiltakshavar?
  • Kven er planleggjar?
  • Kvar er planområdet?
  • Føremål med planarbeidet?

 

Tilhøve som gjeld regulering

 

  • Status i kommuneplanen eller anna overordna planvedtak.
  • Reguleringsmessig status for planområdet.
  • Reguleringsmessig status for tilstøytande areal.
  • Andre ting som er under planlegging i same området.

 

Medverknad (fakta + vurdering)

 

  • Utforming av kunngjering og varsling av oppstart. (Når, kvar). Evt. opplysning om nabomøte.
  • Kort samandrag frå innkomne merknader til oppstart, tiltakshavar si vurdering av merknadane og kva som er teke omsyn til i planforslaget.

 

Omtale av planområdet (berre fakta)

 

  • Kvar feltet ligg, avgrensing og tilstøytande arealbruk.
  • Kor stort er området?
  • Eksisterande bygg innan planområdet (type bygg, struktur).

Infrastruktur

  • Kor langt er der det til nærmaste ballplass, park, skog og korleis er tilkomsten med tanke på trafikktryggleik?
  • Offentlig og privat service i nærområdet (skular, barnehagar, idrettsanlegg, butikkar, avstand til desse, trafikktryggleik på skuleveg, skulekapasitet, helsestasjon, legesenter, kyrkjebygg/ kyrkjelydshus, miljøstasjon/returpunkt).
  • Avstand til offentleg kommunikasjon.
  • Trafikktilhøve i dag.
  • Kommunaltekniske anlegg (kapasitet på veg, vatn, avløp).
  • Nøytrale møteplassar, fritids- og kulturaktivitetar.
  • Fleirbruksløysningar for fleire typar aktivitetar.
  • Tilgang på samanhengjande grøntområder.
  • Tilgang på belyste turvegar.
  • Avstand til bo- og aktivitetssenter, omsorgsbustader.
  • Offentlege areal for langsiktige behov.

Landskapstilpassing- utfordring

  • Kulturminneverdiar
  • Topografi/landskapstrekk
  • Biologisk mangfald
  • Klima, sol og skygge
  • Særlege miljøtilhøve (er området utsett for støy, forureining, dårleg lokalklima, m.m.)
  • Grunntilhøve, rasfare
  • Er planområdet i bruk av barn og unge/ eller andre i dag?
  • Er det naudsynt med risiko og sårbarhetsanalyse?

Universell utforming

Sjå§ 1-1 i plan- og bygningslova, § 8 og § 12 i byggteknisk forskrift, Fylkesdelplan for Hordaland Fylkeskommune «Deltaking for alle- universellutforming» og føresegnene til arealdelen i kommuneplanen.

 

Omtale av planforslaget (fakta + grunngjeving)

 

  • Arealbruk (tabell med reguleringsføremål og tal på m² av kvart føremål)
  • Byggjeføremål (Kva rammer gjev planen; utnyttingsgrad, byggjehøgder, type utbygging etc.)
  • Kor mange bueiningar/ tal på m² næringsareal dette gjev rom for. Universell utforming.
  • Vald utbyggingsstruktur/ bygningstype i høve til landskap/terreng og til det som er i området frå før)
  • Felles parkering (parkeringsdekning, parkeringsløysing) Korleis står dette i høve til kommunen sine normer/ vedtekter? Sei litt om kvifor ein har vald denne parkeringsløysninga.
  • Felles vegar, gangareal, avkøyrsler o.l. (tverrprofil, stigning, frisikt.) Kvifor er desse løysingane valde?
  • Vurder klimavennlige, energi- og miljøeffektive løysningar.
  • Bustad for alle (Sjå vedlegg 6)
    • Tal på bustader med universell utforming/livsløpsstandard
    • Variasjon i bustadtypar
    • Andre tiltak
  • Felles uteareal (Kva areal som er rekna med som ”areal for felles bruk for leik og opphald”, jf. §3 i føresegnene til arealplanen (evt. føresegner i gjeldande reguleringsplan). Kun areal som oppfyller visse kvalitetskrav kan reknast med. At krava vert oppfylde må dokumenterast. Kvifor er desse areala valde, m.a. i høve til dei kvalitetane dei vil ha for å bli brukte av barn og unge).
  • Avfallshandtering (areal sett av til kjeldesortering, snuplass for søppelbil (LL))
  • Støytiltak (Konklusjon frå ev. støyutgreiing/støyrapport. Vald løysning for støyskjerming)
  • Rassikring (Konklusjon frå ev. ras-rapport. Vald løysning for rassikring)
  • Handtering av overvatn.

 

Konsekvensar av planforslag (fakta + vurdering):

Omtale av både positive og negative konsekvensar av planforslaget. Det er særleg viktig å oppsummere mogelege konfliktpunkt og kva avbøtande tiltak ein har gjort. Til dømes der det finnast ulike kulturminneverdiar, kva konsekvensar har dette fått for planen og kva er lagt inn av avbøtande tiltak. Følgjande må alltid omtalast (Nb! Lista er ikkje uttømmande. Det kan finnast andre viktige tema som må omtalast):

  • Estetikk (korleis er tiltaket tilpassa landskap/terreng og bygde omgjevnader)
  • Høve til nabo (utsikt, innsyn, soltilhøve)
  • Trafikktilhøve/tilkomst, avkøyrsle (standard, kapasitet, tryggleik, tilhøve for funksjonshemma)
  • Friområde/ friluftsliv/ uteareal i nærmiljøet, tilhøva for barn og unge (er tilhøva tilfredstillande, vert dei gjort verre/ betre ved gjennomføring av planen)
  • Miljøforbetring ev. miljøforverring mot. støy, forureining og liknande
  • Service (ev. aukande behov, t.d. skulekapasitet)
  • Overordna investeringar som må gjerast for å gjennomføra planen
  • Omtale av utbyggingsavtale behov/ikkje behov
  • Juridiske konsekvensar (t.d. naudsynt med ekspropriasjon)