Ny sentrumsplan for Osøyro

Forside planprogram områderegulering for Osøyro - Klikk for stort bileteForside planprogram områderegulering for Osøyro

På denne sida kjem det fortløpande meir informasjon om det pågåande planarbeidet med ny områderegulering for Osøyro, Finnebrekka og Steinneset.

Etter stadanalyse og mogelegheitsstudie i 2014, vedtok Kommunestyret å starte arbeidet med ny områderegulering for Os sentrum. Hausten 2016 vedtok kommunestyret planprogram som inneheld retningslinjer for dette. Planen skal legge opp til neste fase i utviklinga rundt Osøyro. 

Hausten 2017 skal det utarbeidast volumstudier som del av utgreiinga av framtidig bystruktur på Osøyro, i Finnebrekka og Steinneset/Haugsneset. De vert publisert i kommunen sin prøveprosjekt for plandialog og medverknad med digitale innbyggerar. Når mogelegheitsstudiene er klare, vil du finne desse her:

Cityplanner 3D-modell for Os Kommune

På denne sida vil du finne oppdatert informasjon om status for dette planarbeidet, meldingar, aktuelle dokument og lenke til korleis du kan medverke til planarbeidet.