IMG_2178

 

2.november holdt kommunen planverkstad om utvikling austom elva / Finnebrekka i Kyrkjetunet

Arbeidsområde mulegheitsstudie sentrumsutvikling Finnebrekka

Torsdag inviterer Os Kommune til opent folkemøte om utvikling av sentrum austom elva.

 

Steinneset 2

Her kan du sjå arkitektteikningane frå det ope møtet måndag 23. oktober. På møtet presenterte tre arkitektkontor sine forslag for Steinneset. Arbeidet er del av ny sentrumsplan for Osøyro. Plansjane kan også sjåast i butikklokala til S.Tvedt fram til 18.november.

3D-modell av forslaga finn du her :

CityPlanner Steinneset

 

 

 

 

Forside planprogram områderegulering for Osøyro

På denne sida kjem det fortløpande meir informasjon om det pågåande planarbeidet med ny områderegulering for Osøyro, Finnebrekka og Steinneset.

 

 

liv på Osoyrø 1

Denne veka vil ca. 8000 husstandar som bur i eller har flytta frå kommunane Os, Fjell, Lindås og Meland få ein SMS med spørsmål om å delta i ei undersøking om bustads- og bumiljøpreferansar. Undersøkinga skal gje kommunane meir kunnskap om korleis barne- og ungdomsfamiliar ynskjer å bu, og kor attraktivt det er eller vil vera for slike hushald å bu i, eller tett på regionsentera Straume, Osøyro eller Knarvik m/asken mot Frekkhaug.