Gebyr for handsaming av reguleringsplanar

Kostnader for handsaming av private framlegg til reguleringsplanar og utbyggingsplanar. Vi skil mellom standard saker og kompliserte saker.

Standard sak = dersom formålet med planen er i samsvar med godkjent arealplan. Dette gjeld dei fleste planar. 144.000,-
Oppstartsgebyr, inkludert oppstartsmøte 26.000,-
Offentleg ettersyn, basisgebyr 87.000,-
Gebyr for godkjenning og kunngjering 31.000,-
Tilleggsgebyr per time dersom vi må gjere endringar for å legge dokumentet inn i kommunen sitt planregister. Vi fakturerer etter kor lang tid det tar. Minstegebyr 8.000,-
Store endringar i detaljregulering er å rekna som ny sak, og då gjeld same prisar som for ny standard sak.
Komplisert sak = dersom området ligg i LNF-område (landbruks-, natur- og friluftsområde), og vi må laga eige planprogram og konsekvensutgreiing, dersom det blir så store endringar i planen at den må leggast ut til offentleg ettersyn fleire gonger eller dersom det kjem motsegner til planen 206.000,-
Oppstartsgebyr, inkludert oppstartsmøte 26.000,-
Offentleg ettersyn, basisgebyr 124.000,-
Gebyr for godkjenning og kunngjering 56.000,-
Tilleggsgebyr per time dersom vi må gjere endringar for å legge dokumentet inn i kommunen sitt planregister. Vi fakturerer etter kor lang tid det tar. Minstegebyr 10.000,-
Store endringar i detaljregulering er å rekna som ny sak, og då gjeld same prisar som for ny komplisert sak.
Mindre og små endringar i detaljregulering 20.500,-
Separate søknader om dispensasjon frå områderegulering, detaljregulering og kommuneplan 12.800,-
Separat handsaming av konsekvensutgreiingar 56.000,-
Separat handsaming av planprogram 7.700,-
Søknad om forlenging av vedtak om detaljregulering 13.900,-
Tilleggsgebyr per time dersom vi må gjere endringar for å legge dokumentet inn i kommunen sitt planregister. Vi fakturerer etter kor lang tid det tar. Minstegebyr 800,-
  • Dersom ein plan i løpet av planprosessen går frå å vere ein standard sak til å bli ein komplisert sak, sender vi ut tilleggsgebyr. Tiltakshavar (byggherre) blir varsla skriftleg på førehand.
  • Dersom du vil ta opp att ein plan som er sluttbehandla eller avslutta, vil vi behandle den som ein ny plan. Ein plan er sluttbehandla når den er godkjent av kommunestyret og kunngjort. Ei sak blir avslutta dersom det ikkje har skjedd noko i saka i løpet av to år.
  • Planar skal utarbeidast av fagkunnige i ei eintydig og forståeleg form i samsvar med den siste rettleiaren frå Miljøverndepartementet.
  • Plan/føresegner blir overlevert kommunen i digitalt format, slik at dokumentet kan leggast rett inn i kommunens planregister.
  • Gebyret dekkjer: saksbehandling i kommunen, naudsynte avklaringsmøte, kopiering og utsending av innkomne merknader til tiltakshavar (byggherre), annonsar og utsending til offentleg ettersyn og kunngjering, inkludert utsending av godkjent plan.
  • Gebyret dekkjer ikkje: eventuelle utgifter tiltakshavar (byggherre) har til konsulent, eventuelle rettstvistar eller kopiering av planen til offentleg ettersyn eller kopiering av planen for kunngjering av godkjent plan eller kopiering av planen i samband med eventuell mekling.
  • Planar som er fritatt for gebyr
    - planar for offentlege føremål eller offentlege trafikkområde.
    - private planar der dei offentlege interessene utgjer ein vesentleg del av planen. I slike tilfelle kan du søkje kommunen om redusert gebyr.
  • Dersom eit firma, etter kommunen si meining, ikkje fyller dei krava som blir stilt til fagkunde, kan firmaet mellombels miste si godkjenning som fagkunnig. Før kommunen eventuelt trekkjer tilbake godkjenninga, må vi gje firmaet skriftleg varsel om kva kommunen er misnøgd med og tidsfrist for oppretting. Dersom feil og manglar ikkje er retta opp innan tidsfristen, vil firmaet inntil vidare miste si godkjenning som fagkunnig.