Arealoverføring

 Du kan søkje om å overføre areal mellom eigedomar.

Dette får du

  • Overført areal frå ein eigedom til ein annan.
  • Du får oppmålt og koordinatfesta eigedomsgrenser.
  • Nye grenser blir tinglyste og registrerte i eigedomsregisteret (matrikkelen).
  • Du får tilsendt matrikkelbrev.

Slik søkjer du

  1. Fyll ut dette søknadsskjemaet (PDF, 405 kB).
  2. Legg ved nabovarsel og gjenpart av nabovarsel. Skjema finn du på Direktoratet for byggkvalitet si nettside for byggesaksblankettar. Naboane skal ha kopi av dei same vedlegga som du sender til kommunen.
  3. Legg ved situasjonskart som tydeleg viser kva område søknaden gjeld. Kart finn du i vår kartbutikk.

NB: Kartet må vere av ny dato og i målestokk 1:500 (1: 1000 for store tiltak), samt vere påført rutenett med koordinatar. Dersom kartet ikkje er i rett målestokk, vil søknaden bli returnert utan behandling.

Viktig informasjon før du søkjer

  • Dersom det er pengehefte knytt til den eigedomen som skal avgje areal, må desse fråfallast før vi kan behandle søknaden. Pengehefte er hefte som kan ha innverknad på eigedomen sin verdi, til dømes panterett, burett, forkjøpsrett og bruksrettar. 
  • Dersom nokon har urådigheiter knytt til eigedomen, må du legge ved originalt samtykke til tiltaket frå den eller dei som har denne retten. Ein urådigheit inneber at den som har grunnboksheimel til eigedomen ikkje kan råde fritt over eigedomen, men må ha samtykke frå ein bestemt person for å kunne tinglyse.

Send søknaden til 

  • Os kommune, pb. 84, 5202 Os eller lever i Kommunetorget.

For å oppfylle Kartverket sitt krav til tinglysing, treng vi dei originale, signerte dokumenta. Skanna dokument tilsendt på e-post vil diverre ikkje bli godkjente.

Kva kostar det?

Sjå prisar for oppmåling og registrering av eigedom (matrikulering)

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 11.02.2016 10:15

Kontakt

Monica Moberg
Monica Moberg
Sakshandsamar byggjesak
Telefon: 56 57 53 15