Grensejustering

Du kan søkje om å justere grenser mellom eigedomar.

Dette får du

  • Du får oppmålt og koordinatfesta den nye eigedomsgrensa.
  • Den nye grensa blir registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
  • Du får tilsendt matrikkelbrev.

NB: Ved grensejustering kan arealet for dei involverte eigedomane justerast med inntil 5 % av den minste eigedomen sitt areal (maksgrense er sett til 500 m2).

Slik søkjer du

  1. Fyll ut søknadsskjema (PDF, 405 kB)
  2. Legg ved situasjonskart som tydeleg viser kva område søknaden gjeld. Kart finn du i vår kartbutikk.

NB: Kartet må vere av ny dato og i målestokk 1:500 (1:1000) for store tiltak), samt vere påført rutenett medkoordinatar. Dersom kartet ikkje er i rett målestokk, vil søknaden bli returnert utan behandling.

Viktig informasjon før du søkjer:

  • Dersom nokon har urådigheiter knytt til eigedomen, må du legge ved originalt samtykke til tiltaket frå den eller dei som har denne retten. Ein urådigheit inneber at den som har grunnboksheimel til eigedomen ikkje kan råde fritt over eigedomen, men må ha samtykke frå ein bestemt person for å kunne tinglyse.

Send søknaden til 

  • Os kommune, pb. 84, 5202 Os eller lever i Kommunetorget.

For å oppfylle Kartverket sitt krav til tinglysing, treng vi dei originale, signerte dokumenta. Skanna dokument tilsendt på e-post vil diverre ikkje bli godkjente.

Kva kostar det?

Sjå prisar for oppmåling og registrering av eigedom (matrikulering)

Kontakt

Torbjørn Steffensen
Torbjørn Steffensen
fagleiar
Telefon: 56 57 53 14
Mobil: 970 90 192