Klarlegging av grenser

Du kan søkje om klarlegging av eksisterande grenser for eigedom

Klarlegging av grenser som ikkje tidlegare er koordinatfesta

  • Du får oppmålt og koordinatfesta eksisterande grenser.
  • Klarlagt grense blir registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
  • Du får tilsendt oppdatert matrikkelbrev.

Klarlegging av grense som frå før er koordinatfesta

  • Du får påvist grensepunkta du har søkt om.

Slik søkjer du 

  1. Fyll ut søknadsskjema for deling og rekvisisjon av oppmålingsforretning (PDF, 405 kB) 
  2. Legg ved situasjonskart som tydeleg viser kva søknaden gjeld. Kart finn du i vår kartbutikk.

NB: Kartet må vere av ny dato og i målestokk 1:500 (1:1000 for store tiltak), samt vere påført rutenett med koordinatar. Dersom kartet ikkje er i rett målestokk, vil søknaden bli returnert utan behandling.

Send søknaden til 

  • Os kommune, pb. 84, 5202 Os eller lever i Kommunetorget.

For å oppfylle Kartverket sitt krav til tinglysing, treng vi dei originale, signerte dokumenta. Skanna dokument tilsendt på e-post vil diverre ikkje bli godkjente.

Kva kostar det?

Sjå prisar for oppmåling og registrering av eigedom (matrikulering)

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 22.08.2016 10:43

Kontakt

Torbjørn Steffensen
Torbjørn Steffensen
fagleiar
Telefon: 56 57 53 14
Mobil: 970 90 192