Samanslåing av eigedomar

Du kan søkje om samanslåing av to eller fleire eigedomar dersom eigedomane grenser opp til kvarandre, har same eigar, og har like eller ingen pengehefte.
Pengehefte er hefte som kan ha innverknad på eigedomen sin verdi, til dømes panterett, burett, forkjøpsrett og bruksrettar.

Dette får du

  • Eigedomar som er slått saman.
  • Ny samanslått eiegdom vert tinglyst og registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
  • Du får tilsendt oppdatert matrikkelbrev.

Slik søkjer du

Viktig informasjon før du søkjer

  • Dersom nokon har urådigheiter knytt til eigedomen, må du legge ved originalt samtykke til tiltaket frå den eller dei som har denne retten. Ein urådigheit inneber at den som har grunnboksheimel til eigedomen ikkje kan råde fritt over eigedomen, men må ha samtykke frå ein bestemt person for å kunne tinglyse.

Send søknaden til 

  • Os kommune, pb. 84, 5202 Os eller lever i Kommunetorget.

For å oppfylle Kartverket sitt krav til tinglysing, treng vi dei originale, signerte dokumenta. Skanna dokument tilsendt på e-post vil diverre ikkje bli godkjente.

Kva kostar det?

Samanslåing av eigedomar er kostnadsfritt.

Kontakt

Torbjørn Steffensen
Torbjørn Steffensen
fagleiar
Telefon: 56 57 53 14
Mobil: 970 90 192