Seksjonering og reseksjonering

Du kan søkje om å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar eller søkje om endring av eksisterande seksjonar i ein bygning (reseksjonering).

Du kan også søkje om oppmåling av uteareal slik at alle eller nokre av seksjonane får eksklusiv rett til uteareal.

Dette får du

  • Bygningen vert delt opp i fleire eigarseksjonar, og eventuelt utearel fordelt mellom seksjonane.
  • Den seksjonerte eigedomen blir tinglyst og registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
  • Koordinatfesta grenser for eventuelt uteareal blir tinglyst og registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
  • Du får tilsendt oppdatert matrikkelbrev..

Slik søkjer du

  1. Fyll ut: Søknadsskjema for oppdeling i eigarseksjonar/reseksjonering (PDF, 294 kB) og legg ved alle naudsynte dokument som er lista opp under punkt 6 i søknaden.
  2. Ved seksjonering av uteareal må du òg fylle ut søknadsskjema for deling og rekvisisjon av oppmålingsforretning. (PDF, 405 kB)

Viktig informasjon før du søkjer

  • Dersom nokon har urådigheiter knytt til eigedomen, må du legge ved originalt samtykke til tiltaket frå den eller dei som har denne retten. Ein urådigheit inneber at den som har grunnboksheimel til eigedomen ikkje kan råde fritt over eigedomen, men må ha samtykke frå ein bestemt person for å kunne tinglyse.
  • Dersom eit firma søkjer, skal det legge ved firmaattest.

Send søknaden til 

  • Os kommune, pb. 84, 5202 Os eller lever i Kommunetorget.

For å oppfylle Kartverket sitt krav til tinglysing, treng vi dei originale, signerte dokumenta. Skanna dokument tilsendt på e-post vil diverre ikkje bli godkjente.

Kva kostar det?

Sjå prisar for oppmåling og registrering av eigedom (matrikulering).

Kontakt

Torbjørn Steffensen
Torbjørn Steffensen
Leiar Kart og oppmåling
Telefon: 56 57 53 14
Mobil: 970 90 192