Førehandsstemming ved kommune- og fylkestingsvalet 2019

Klikk for stort bilete

 

Den ordinære førehandsstemminga starta måndag 12. august og held fram til fredag 6. september 2019. Du kan førehandsstemme til kommune- og fylkestingsvalet i både Os og Fusa kommunar.

Her kan du førehandsstemme i framtidige Bjørnafjorden kommune

Fusa: Kommunetunet i Eikelandsosen, kl. 9-15, måndag til fredag.

Os: Kommunetorget på Os rådhus, kl. 8-17 måndag, kl. 8-15 tysdag til fredag

Laurdagsope og langope

I tillegg vil det vere laurdagsope kl. 10 - 14 begge stader laurdag 24. og 31. august, og utvida opningstider til klokka 17 på følgande datoar: 29. august, 4. og 5. september.

Merk:
Du kan førehandsstemme kor du sjølv vil. Det betyr at osingar kan stemme i Eikelandsosen og fusingar på Os, om det er det som passar best.

I tillegg kan du stemme ved alle andre vallokale i heile Noreg. Det er mogleg å ta med seg stemmesedlar for Bjørnafjorden kommune og Vestland fylke og levere i alle vallokale i Noreg, i utlandet og sende som brevstemme. Dersom du bruker stemmesedlane ved eit vallokale ein annan stad enn i eksisterande Os og Fusa kommunar, kan du berre stemme på parti - ikkje gi ekstrastemme til kandidatar eller føre opp kandidatar frå andre partilister.

Førehandsstemming på institusjon

Det vil bli førehandsstemming på desse institusjonane og skulane i framtidige Bjørnafjorden kommune:

  • Baldersheim helsetun: onsdag 4. september , kl. 10.00-12.00
  • Eikhovdaheimen: onsdag 4. september, kl. 13.30-15.00
  • Fusa bu- og behandlingssenter: torsdag 29. august, kl. 10.00-13.00
  • Gamleheimshagen: måndag 2. september, kl. 13.30-15.30
  • Kongshaug musikkgymnas: måndag 26. august, kl. 10.45-12.15
  • Kysthospitalet: måndag 26. august, kl. 13.15-15.30
  • Luranetunet bu- og behandlingssenter: fredag 30. august, kl. 10.00-13.30
  • Os gymnas: onsdag 28. august, kl. 11.00-13.00
  • Os vidaregåande skule: måndag 2. september, kl. 11.00-12.30
  • Ravneberghaugen: tysdag 3. september, kl. 13.00-15.00

Førehandsstemming heime

Om du på grunn av sjukdom eller uføre ikkje kan kome deg til eit ordinært vallokale, kan du be om å få førehandsstemme heime. Då vil representantar for valsekretariatet kome heim til deg med stemmesedlar, urne og anna nødvendig utstyr.

For å søke om heimestemming kan du ringe Gunn Sissel Teigen på telefon 404 15 558, Kommunetorget på Os rådhus på telefon 56 57 50 00, sende e-post til postmottak@os-ho.kommune.no eller sende brev til Bjørnafjorden kommune v/valsekretariatet, postboks 84, 5202 Os.
Søknadsfristen for heimestemming er tysdag 3. september kl. 15.00.

Hugs valkort (som du skal ha fått tilsendt i posten) og legitimasjon med namn, bilete og fødselsdato når du skal stemme.

Meir informasjon om valet finn du på val.no og bjornafjordenkommune.no

Godt val!