Nyheiter om kommunesamanslåinga med Fusa

Formannskapskonferanse

Den 24. januar var det konferanse for formannskap, gruppeleiarar og tillitsvalde i begge kommunar. Politikarane og administrasjonane gjorde seg kjende med kvarandre.

No ventar vi på eit endeleg stortingsvedtak om samanslåing i juni 2017. Men vi er ivrige: Hausten 2016 vedtok Os kommunestyre og Fusa kommunestyre å sette ned ei styringsgruppe for kommunereforma. Styringsgruppa har starta samanslåingsarbeidet og er godt i gang allereie.