Kommunereforma er i ein mellomfase, vi går likevel i gang

No ventar vi på eit endeleg stortingsvedtak om samanslåing i juni 2017. Men vi er ivrige: Hausten 2016 vedtok Os kommunestyre og Fusa kommunestyre å sette ned ei styringsgruppe for kommunereforma. Styringsgruppa har starta samanslåingsarbeidet og er godt i gang allereie.

Kven er styringsgruppa?

Styringsgruppa består av desse frå Os kommune: ordførar (Marie Bruarøy (H) frå 2017), varaordførar (Laila Reiertsen (Frp) frå 2017), Helge Steinum (AP) frå opposisjonen, rådmann og tillitsvald (Jonny Christensen).

Og desse frå Fusa kommune: ordførar (Atle Kvåle (AP)), Svein Lang (SP) og Aud May Boge (H) frå opposisjonen, rådmannen (Elisabeth Farstad er konstituert rådmann) og tillitsvald Linda A. Lohne.

Kva gjer dei?

Styringsgruppa er i gang med å avklare praktiske spørsmål i den store jobben ei kommunesamanslåing er, fram til dei blir avløyste hausten 2017. Mandatet til styringsgruppa er å ta stilling til nøkkelfunksjonar i samanslåinga, slik som IKT og infrastruktur, arkiv, planar, kommunikasjon. Dei skal også vurdere pilotprosjekt for samanslåing, sjå på organisering av ny kommune, og ta stilling til korleis samanslåingsarbeidet ikkje blir til eit hinder for den daglege drifta av kommunane.

Kven fortset arbeidet til styringsgruppa?

Etter at Stortinget formelt vedtar ei samanslåing juni 2017, opprettar kommunestyra ei fellesnemd beståande av fem politikarar frå kvar kommune. Fellesnemnda fortset arbeidet styringsgruppa innleia for full maskin. Då gir også staten pengar til arbeidet.

No har altså styringsgruppa starta samanslåingsarbeidet, som ei fellesnemnd tar over hausten 2017 etter at Stortinget vedtar samanslåinga formelt. Arbeidet deira strekk seg til 1. januar 2020, då kommunane er éin.

Kva har styringsgruppa gjort til no?

Styringsgruppa rakk å halde to møte i 2016 (lagt ved innkallinga til formannskapsmøtet 24.01.2017 finn du dei heile referata).

På første møte 21.11.2016 i Hålandsdalen gjekk partane først gjennom status. Dei peikte ut tenester for prøvesamanslåing (pilotprosjekt). Styringsgruppa la vekt på at tilsette må vere i førarsetet. Styringsgruppa diskuterte rådmannsfunksjon og la fram ein møteplan.

På det andre møtet 19.12.2016 i Oseana gjorde styringsgruppa fleire vedtak. Mellom anna om å kartlegge stoda innan IKT- og digitalisering, slik at vi blir «kompatible» med kvarandre raskt. Styringsgruppa vedtok å lyse ut ei stilling i januar 2017 til personaladministrativt arbeid. Denne stillinga er no lyst ut.

Dei vedtok å opprette konkrete pilotprosjekt innan barnehage, kulturskule, næring og velferdsteknologi. Styringsgruppa presiserte at kommunikasjon både ut og i organisasjonane er viktig, og dei avklarte at det er intensjonsavtalen Bjørnefjorden kommune som legg føringar for arbeidet deira (sjå intensjonsavtalen).

Spørsmålet om å tilsette rådmann (leiar for administrasjonen) for den nye kommunen internt eller ved å lyse ut ei stilling, blir ei sak for fellesnemnda og tillitsvalde når dei tar over hausten 2017. Rådmannen skal leie prosjektorganisasjonen, altså dei som set i verk fellesnemnda sine vedtak og som blir til den nye kommunen i 2020.

Kva skjer vidare i 2017?

  • 24. januar var det konferanse for formannskap, gruppeleiarar og tillitsvalde i begge kommunar. Der blei politikarar og administrasjon betre kjende med kvar kommune. Rådmennene fortalde om kva som går føre seg i samanslåingsarbeidet akkurat no, og kva planen er framover. Dei la fram utkast til ein kommunikasjonsstrategi for styringsgruppa. Les meir om møtet eller gå rett til sakspapira.
  • 13. mars er neste møte i styringsgruppa. Då legg dei fram ein overordna tidsplan heilt fram mot 2020, og dei fortel om status frå kartleggingsgruppene.
  • 24. april har styringsgruppa møte igjen, der dei legg fram konklusjonane frå gruppene som har kartlagt fagområda sine.
  • 17. juni gjer Stortinget eit vedtak i saka om kommunesamanslåing mellom Os kommune og Fusa kommune. Les meir på regjeringa sine sider.
  • 19. juni har styringsgruppa møte der dei tar for seg Stortinget si behandling av saka, og arbeidet vidare fram mot fellesnemnda tar over om hausten.