Os og Fusa blei betre kjende, såg på vegen vidare

Klikk for stort bileteKommunalsjef for helse, omsorg og beredskap i Os kommune, Nils-Petter Borge, fortalde fusingane om sitt fagområde. Erlend A. Lorentzen / Os kommune Den 24. januar var det konferanse for formannskap, gruppeleiarar og tillitsvalde i begge kommunar. Politikarane og administrasjonane gjorde seg kjende med kvarandre.

(Les meir om det politiske utvalet formannskap i saka Slik styrer vi Os kommune.)

Viste fram kommunane

Rådmennene (konstituert rådmann i Os, Paul J. Manger og konstituert rådmann i Fusa, Elisabeth Farstad) og andre frå administrasjonen la fram planar, nøkkeltal og annan informasjon frå kvar kommune. Politikarane i dei to formannskapa presenterte seg, og ordførarane sa litt om korleis den politiske leiinga er organisert i Os og Fusa.

I første del blei kommunane altså betre kjende med kvarandre. Enkelte politikarar tok til orde for å involvere seg meir i partiarbeidet i den andre kommunen, for å bli endå betre kjende før partia også blir slått saman.

Fortalde om kor samanslåinga står no

I andre del orienterte rådmennene om kartleggings- og arbeidsgruppene som no skal samle inn fakta frå sine område etter ein mal. Informasjonen går med til å vurdere korleis dei bør smelte saman med tilsvarande område i den andre kommunen. Rådmennene fortalde at fagområdet IKT/digitalisering allereie er godt i gang med å samordne seg.

Rådmennene viste ein framdriftsplan fram mot stortingsvedtaket i juni 2017. Styringsgruppa skal legge fram ein overordna plan heilt fram mot 2020 i det neste møtet deira 13. mars 2017.

Vil ha alle med i prosessen

Til slutt la dei fram eit utkast til kommunikasjonsstrategi for styringsgruppa. Denne legg opp til at fellesnemnda kan arve han.

Det hårete målet i kommunikasjonsstrategien, er at innbyggjarar, politikarar og kommunalt tilsette skal kjenne seg maksimalt inkluderte og høyrte i sjølve samanslåingsprosessen. For å oppnå dette skal styringsgruppa sørge for at alle får innsyn i arbeidet deira, ved å halde opne møte og fortelje om arbeidet sitt for eksempel på ein blogg og ei facebookside. Utkastet til kommunikasjonsstrategien er lagt ved møteinnkallinga til formannskapskonferansen.