Kundeombodet taler di sak for kommunen

Arne Skogedal er kundeombod i Os kommune. Han har ei sjølvstendig og uvahengig rolle i kommunen, der han er talsmann for innbyggjarane. Kundeombodet kan gi deg rettleiing om saksgang og klageordningar, hjelpe deg med å skrive søknader og klager eller vise deg til rett instans.

Kundeombodet har teieplikt, og det er gratis å få hjelp av han. For eksempel i slike tilfelle:

  • Har du fått eit skriv frå kommunen som du synest er vanskeleg å forstå?
  • Kjenner du deg dårleg behandla av kommunen?
  • Treng du hjelp til å skrive søknad?
  • Har du ikkje fått god nok informasjon?
  • Finn du ikkje ut kven du skal kontakte?
  • Har du ikkje fått innsyn i di eiga sak?
  • Har du ikkje fått svar innan rimeleg tid?
  • Treng du hjelp til å klage på eit vedtak?

Typiske saker for kundeombodet

Kundeombodet jobbar mykje med saker frå NAV, spørsmål om kommunale tenester, konfliktsaker og spørsmål om saksbehandling (slik som klage). I alle vedtak kommunen sender ut, skal vi opplyse om kundeombodet.

Avtal tid eller stikk innom

Arne Skogedal fortel at han stort sett er å finne på plassen sin i kommunetorget, første etasje i rådhuset, men om du avtaler først, går du ikkje forgjeves. Sjå kontaktinfo i margen.

I 2012 var ei evaluering av kundeombodsfunksjonen til behandling i kommunestyret. Evalueringa kan du lese i arkivet, i sak KST-010/12.

Kontakt

Arne  Skogedal
Arne Skogedal
Kundeombod
Telefon: 56 57 51 20
Mobil: 916 72 913