Os inspirerer

Os inspirerer - Klikk for stort bilete

Som ein av dei første kommunane i landet, fekk Os kommune i 2006 utarbeida eit profesjonelt profil- og merkevarekonsept.

Målsettinga er at alle osingar, verksemder og organisasjonar i kommunen og den kommunale organisasjonen skal nytta merkevara Os i si marknadsføring. I fellesskap kan vi gjera Os til ein enda betre kommune å bu i! Os - inspirerer!

Visjon 

Eit samfunn med vekstkraft og evne til å fornye seg sjølv

Misjon

Livskvalitet for alle

Verdiar

Det er sett følgjande verdiar som vi skal styre etter:

  • "Vi vil skapa resultat!"
  • "Vi lyttar med respekt!"
  • "Vi meiner entusiasme inspirerer!"
  • "Vi gjer det vi seier!"

Handlingsprogram

Det er sett fire praktiske handlingsprogram som ein ledd i realiseringa, med aktuelle prosjekt under kvart av programma: 

  • "Skapa innovasjon - Vi lovar å seia ja til alle forslag som vi ikkje har god grunn til å seie nei til!"
  • "Vera inkluderande -  Vi lovar at alle skal få vera med!"
  • "Fremja livsuttrykk - Vi lovar at alle skal få lik rett til å utfalda seg!"
  • Skapa eit sentrum - Vi lovar å vidareutvikla Osøyro som ein stad der menneska og næringsliv kan trivast!"

Om prosjektet

Heilskap og omfang

Bakgrunnen for prosjektet er todelt. På den eine sida ynskjer vi å synleggjera heilskapen og omfanget av den kommunale aktiviteten, samstundes som vi knyter tettare band mellom den kommunale organisasjonen og resten av kommunen, t.d. lag og organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar. I fellesskap får vi til mykje positivt i kommunen vår.

Profilering av kommunen

På den andre sida ynskjer vi ei aktiv profilering av Os kommune retta utover, - mot fylket, regionen og landet elles. Vi vil ha fram alle dei gode kvalitetane Os kan by på i høve bustad- og næringsetableringar, kulturformidling, reiseliv osb.

I arbeidet er det lagt vekt på at Os er ein moderne kommune, i rivande utvikling og med høg folkevekst. Samstundes skal Os-identiteten og den lokale kulturarven vidareførast.

Logo og grafikk

På lenka under kan du laste ned grafikk knytt til Os inspirerer-profilen. Desse kan du bruke etter avtale med kommunen. For spørsmål om dette, send epost til ekommune@os-ho.kommune.no.

Last ned ei komprimert mappe med logoane våre (ZIP, 2 MB).