Marie Bruarøy er ordførar

Ordførar Marie Bruarøy - Klikk for stort bileteOrdførar Marie Bruarøy Erlend A. Lorentzen / Os kommune

Marie E. L. Bruarøy blei sett inn som ordførar i Os kommune 12. januar 2017. Laila Reiertsen (Frp) er vara. Mangeårig Os-ordførar Terje Søviknes (Frp) har permisjon frå ordførarvervet den tida han er olje- og energiminister.

Marie Bruarøy (fødd i 1981) er frå Øyane, der ho også bur med mann og to døtre. Etter å ha vakse opp med politikarforeldre, hadde Bruarøy planar om å halde seg unna den travle politikken. Ho let seg overtale av dåverande varaordførar Lisbeth Axelsen til å stille på lista til Høgre i 2003 og har vore varaordførar i Os kommune sidan 2010.

Medan Bruarøy er ordførar, har ho permisjon frå jobben som frisør i ein salong på Osøyro. Las du nyttårshelsinga hennar?

I første omgang har Terje Søviknes ministerposten ut regjeringsperioden (hausten 2017 er det stortingsval).

Kontakt

Marie Elisabeth Lunde Bruarøy
Marie Elisabeth Lunde Bruarøy
ordførar
Telefon: 56 57 50 32
Mobil: 950 68 297