Politiske utval 2015-2019

Her ser du ei oversikt over alle utval i kommunen, og kvart enkelt utval sine oppgåver.
Trykk på eit utval for å sjå møteplan, kva for saker utvalet har til handsaming og medlemmar i utvalet.

Os kommunestyre

  • Kommunen sitt øvste styrande organ.
  • Handsamar saker som fyrst har vore innom rådmann, ordførar og/eller dei ulike politiske utvala og gjer vedtak på kommunen sine vegne.

Os formannskap

  • Heilskapsplanlegging (kommuneplan) og andre større planar som går på tvers av fleire sektorar.
  • Politiske leiings- og samordningsoppgåver.
  • Leier arbeidet med økonomiplanen og legg fram forslag til økonomiplan og årsbudsjett.
  • Overordna personalpolitikk og organisasjonsutvikling.
  • Kjøp og sal av kommunale tomter og eigedomar
  • Andre prinsipielle saker som ikkje er lagt til andre utval og saker etter tilvising frå ordføraren
  • Valstyre for kommune-, fylkes- og stortingsval.
  • Ekspropriasjon/oreigning.
  • Vedtak i samband med sals- og skjenkeløyver.

Plan- og bygningsutvalet

  • Handsamar arealsaker etter plan- og bygningslov, jordlov og relaterte lover.
  • Ansvarleg for arealdelen til kommuneplanen og rammeplanar for infrastruktur i samband med areal: avløp, vatn, energi, trafikksikring.
  • Rapporterer til kommunestyret

Trafikksikringutvalet

  • Føreslår, handsamar og følgjer opp saker som gjeld trafikk og trafikksikringstiltak.

Tenesteutvalet

  • Utvikling og oppfølging av tenestene kommunen tilbyr. Utvalet rapporterer til kommunestyret.

Råd for menneske med med nedsett funksjonsevne

  • Skal sikra at innbyggjarar med nedsett funksjonsevne sitt syn i saker som vedkjem dei, vert tatt med når avgjerder skal fattast.

Personalutvalet

  • Handsamar saker som gjeld det overordna tilhøvet mellom kommunen og dei tilsette i kommunen, til dømes løn, arbeidsmiljø og sjukefråvær.
  • Utviklingstiltak, oppfølging og implementering av nasjonale reformer.

Kontrollutvalet

  • Kontroll og tilsyn med alle område i kommunen. Hovudføremålet er å sikra at innbyggjarane har tillit til at kommunen løyser oppgåvene sine på best mogleg måte og i samsvar med gjeldande lover og reglar.

Eigedomsutvalet

  • Handsamar kommunens kjøp og sal av eigedom.

Os eldreråd

  • Skal sikra at eldre innbyggjarar sitt syn i saker som vedkjem dei, vert tatt med når avgjerder skal fattast.

Os valstyre 

  • Ansvar for førebuing og gjennomføring av kommune-, fylkestings- og stortingsval.

Klagenemnda

  • Har mandat til å avgjera klagesaker som gjeld enkeltvedtak (Gjeld ikkje vedtak som er gjort etter særlov, eller der det er fastsett i særlov at kommunestyret er klageinstans).