Slik kan du påverke politisk

Er du opptatt av ei politisk sak, og ønskjer å bli høyrt av dei folkevalde?

Du kan delta i opne møte

Alle møte i kommunestyret, formannskapet og dei ulike politiske utvala er opne for publikum, med unntak av møta i Klagenemnda.

Les ei kjapp innføring i korleis eit møte verkar.

Her er møteplanen for utvala i Os kommune. Klikk på møtet for å få opp meir informasjon om kva saker som skal opp på det aktuelle møtet.

Du kan fremje innbyggjarinitiativ

Innbyggjarinitiativ eller innbyggjarforslag betyr at du som innbyggjar i Os kommune kan setje tema du er oppteken av på den politiske dagsorden.

Innbyggjarinitiativ skal vere eit verkemiddel for å fremje nye saker, ikkje for å ta avgjorte saker opp på nytt.

Dersom du fremjer eit forslag, er kommunestyret forplikta til å behandle det innan seks månader.

Slik går du fram for å sende eit innbyggjarinitiativ:

  • Skriv tydeleg kva forslaget handlar om. Forslaget kan berre behandlast éin gong i løpet av ein valperiode.
  • Skaff minst 300 underskrifter frå personar som støtter forslaget. Underskriftene må innehalde fullt namn og adresse. 
  • Du kan bruke nettportalen minsak.no til å føreslå saker og samle underskrifter.

Du kan ta direkte kontakt med politikarar

Ring eller send e-post til ein politikar eller utvalsleiar.

Telefonnummer og e-postadresse til folkevalde i Os kommune i perioden 2015-2019