Førehandsrøysting

Tidleg røysting 2017 Valgavlukke - Klikk for stort bileteTidleg røysting 2017 Valgavlukke Du kan førehandsrøyste i kommunetorget i rådhuset i tidsrommet 1. juli  - 8. september.

 

Førehandsrøysting i kommunetorget på rådhuset

Opningstider:

  • måndag  kl. 08.00 – 17.00
  • tysdag til fredag  kl. 08.00 – 15.00
  • ekstra opningstider: torsdagane 24.8., 31.8. og 7.9. kl. 08.00 – 17.00 og laurdagane 26.8. og 2.9. kl. 10.00 – 14.00

Ordinære røystesetlar vil vere tilgjengeleg når ordinær førehandsrøysting opnar 10.august.

Dersom du førehandsrøyster, kan du stemme i alle kommunar i landet frem til fredag 8. september. Røysta di blir då sendt til heimkommunen din.

Førehandsrøysting på skular og institusjonar

Dato: Stad: Klokkeslett:
29. aug Os gymnas 11.30 – 12.30
30.aug Luranetunet  11.15 – 13.15 
31. aug Os VGS 11.15 – 12.40
1. sept Kongshaug musikk  gymnas 11.30 – 12.30
4.sept Kysthospitalet 11.30 – 12.30
5. sept Ravneberghaugen 10.00 – 11.00
5. sept  Gymnasvegen 12.00 – 12.30
7. sept  Gamleheimshagen 12.00 – 13.00

Valkort 

Det blir sendt ut valkort til alle som kan røyste i Os kommune, dette blir gjort før førehandsrøystinga startar 10.august.

På valkortet går det fram kva krets du høyrer til. Ved førehandsrøysting  i kommunetorget og i vallokalet på valdagen er det fint om du tar med valkortet. Hugs legitimasjon.

Tidleg førehandsrøysting

I perioden 1. juli til 9. august er det tidleg førehandsrøysting og då er det ikkje ordinære røystesetlar, men ei partiliste.