Gyldig legitimasjon

Ved røysting må du hugse å ta med legitimasjon. Kravet om å identifisere deg gjeld både ved førehandsrøysting og på valdagen. Legitimasjon sikrar at ein veljar står bak ei stemme.

Kva er gyldig legitimasjon?

Legitimasjonen er gyldig om den inneheld følgjande:

  • Namn
  • Fødselsdato
  • Bilete

 Gyldig legitimasjon kan til dømes vere pass, førarkort eller bankkort med bilete. Det kan også vere andre typar kort, men då må namn, fødselsdato og bilete framkomme. Veljarar som oppheld seg på institusjon, slik som sjukeheim, sjukehus og lignande, kan få identiteten sin stadfesta av ein tilsett ved institusjonen.