Røysterett og manntal

Du må ha røysterett og stå innført i manntalet for å kunna røysta.

Desse har røysterett

Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2017, og som er, eller har vore registret busett i Noreg.  Det siste gjeld ikkje for tilsette i diplomatiet eller konsulatvesen og husstandane deira.

 

Om manntalet

Alle som skal røysta må vere ført inn i manntalet i ein kommune på valdagen.  Manntalet er ei liste over personar med røysterett i kommunen.  Veljarane blir ført inn i manntalet i den kommunen der dei er registrerte med bustadadresse den 30. juni 2017.  Dersom du flyttar til ein annan kommune etter 30. juni, vil du ha røystrett i den kommunen du flyttar frå.  Da kan du ikkje røysta i din nye kommune på valdagen, men du kan førehandsrøysta der eller i kva for ein kommune som helst ein annan stad  i landet.

 

Er du innført i manntalet?

Manntalet vil bli lagt ut til offentleg ettersyn i kommunetorget på rådhuset, Joker Søfteland, Bunnpris Vedholmen og Nærbutikken Buena i starten av juli.

 

For veljarar busett i Noreg gjeld

  • Alle personar med røysterett vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i folkeregisteret som busett per 30. juni i valåret.
  • Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du fortsatt registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå.

 

For veljarar busett i utlandet gjeld

  • Dersom du bur i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett da du flytta frå Noreg.
  • Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søka din siste bustadkommune om å bli ført inn i manntalet.

Du søker ved skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsrøystegjevinga utanriks.  Dersom du førehandrøyster i Noreg eller ikkje bruker den nemnde omslagskonvolutten, må du søka særskilt.  Dette kan gjerast i eit vanleg brev eller ved å bruka eige skjema.  Som vedlegg til søknaden må det vere ei erklæring om at du fortsatt er norsk statsborgar.  Søknaden må koma fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busatt, innan 12. september kl. 17.00.

Ring 56575000 om du ønskjer å søkje deg inn i manntalet i Os kommune. Vi vi då sende deg søknadskjema. Send utfylt skjema med post til Os kommune, Valstyret v/Politisk sekretariat, Postboks 84, 5201 Os

 

Feil i manntalet?

Dersom du meiner at du sjølv eller anna uriktig er blitt innført i, eller utelate frå manntalet, kan du krevja at feilen blir retta.  Krav om retting gjeld i høve feil, ikkje i høve til flytting etter 30. juni 2017.

Skriftleg grunngjeve krav om retting skal sendast til Os kommune, valstyret v/Politisk sekretariat, Postboks 84, 5201 Os.

 

Sjå også: