Røyste heime?

Om du på grunn av sjukdom eller uføre ikkje kan røyste ved ordinær førehandsrøysting eller i vallokalet på valdagen 11. september, kan du søkje om å få røyste heime.

Søkje om å få røyste heime

Ønskjer du heimerøysting, ring Gunvor Heggland tlf. 56 57 50 20 eller Martha Heggland mob. 911 07 576 før onsdag 6 september kl 10.00.

Du kan også søke på følgande måtar:

  • E-post: postmottak@os-ho.kommune.no
  • Sende skriftlig søknad til: Valstyret i Os,  Postboks 84, 5202  Os

Søknad om heimerøysting må innehalde:

  • Fullt namn
  • Fødselsnummer (6 siffer)
  • Bustadsadresse
  • Telefonnummer

Slik føregår heimerøysting

To valmedarbeidarar kommer heim til deg i perioden 31. august til 11. september. Før dei kjem, vil dei ta kontakt med deg på telefon for å avtale tidspunkt.

Frister

Siste frist for å søke er onsdag 6. september 2017, kl. 10.00