Sametingsvalet

Det er mogeleg å førehandsrøyste i kva kommune som helst i heile landet. Veljaren kan derfor røyste i ein annan kommune enn der vedkomande bur og er manntalsført.

Dersom kommunen din har færre enn 30 registrerte i Sametingets valmanntal, må du førehandsrøyste. I Os kommune er under 30 personar registert i valmanntalet. 

Veljaren er sjølv ansvarleg for å førehandsrøyste på eit tidspunkt som gjer at førehandsrøystegivinga kjem til valstyret innan dagen etter valdagen kl. 17.

Når?

Innanriks (inkl. Svalbard og Jan Mayen) kan du førehandsrøyste i tida frå 1. juli i valåret fram til siste fredag før valdagen (8. september i år). På Svalbard kan sysselmannen bestemme at røystegivinga skal avsluttast tidlegare enn siste fredag før valdagen.

Utanriks kan du førehandsrøyste frå 1. juli til og med nest siste fredag før valdagen (1. september i år).

Kvar?

Innanriks er det kommunane som er ansvarlege for å ta imot førehandsrøystene. Samevalstyret bestemmer i kva lokale det er mogeleg å førehandsrøyste. Dette er vanlegvis rådhuset, servicesenteret eller liknande. I tillegg pliktar kommunane å ta imot førehandsrøyster på helse- og omsorgsinstitusjonar i kommunane.

Førehandsrøyster utanriks gir ein som hovudregel til ein røystemottakar på ein norsk utanriksstasjon.

Ambulerande røystegiving: Dei som ikkje kan kome til eit vallokale fordi dei er sjuke eller uføre, kan søke valstyret i kommunen om å røyste heime.

 

Sjå også: