• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Personopplysingar

Før du gir personopplysningar, må du samtykkja i personvernerklæringa

Personvernerklæring for utfylling av elektroniske skjema frå Os kommune

Denne erklæringa fortel korleis Os kommune tar vare på personvernet ditt. Os kommune vil at du som brukar tenestene skal føle deg trygg på at gjeldande lover og reglar blir følgde og at datasikkerheita er tatt vare på. Til ei kvar tid dokumenterer vi sikker behandling av data etter dei påboda som gjeld. ACOS (leverandør av datasystem) er databehandlar, medan Os kommune er mottakar, eigar og ansvarleg for behandlinga av opplysningane du gir. Eigarforholdet er regulert av ein egen databehandlingsavtale.

________________________________________

Omgrep (sjå personopplysningsloven § 2)

personopplysning:  Informasjon og vurderingar som kan knytast til ein enkeltperson.

ansvarleg for behandling (behandlingsansvarleg):  Mottakar, den som bestemmer formålet med personopplysningane (Os kommune)

databehandlar:  Den som leverer det tekniske systemet som sender opplysningane til Os kommune (ACOS).

________________________________________

Kva skal Os kommune med personopplysningane?

Opplysningane gjer Os kommune i stand til å behandle saka di og tilby deg best moglege tenester.  Opplysningane du oppgir vil ikkje bli nytta til andre formål. Opplysningar om deg og familien din kan også bli innhenta frå offentlege register (Folkeregisteret, Kontakt- og reservasjonsregisteret) som ein del av skjemautfyllinga. Om du vil nytte våre skjema, må du oppgi dei opplysningane vi spør om, men du har ikkje plikt til å nytte våre digitale skjema.

Korleis blir opplysningane sende?

Opplysningane du fyller inn og sender elektronisk, blir sende til Os kommune via ACOS, leverandør av datasystemet.

Nokre skjema kan du ikkje sende inn elektronisk. Desse kan du fylle ut på ein datamaskin, men du må skrive dei ut og sende dei med post. Det er viktig at du ikkje lagrar ferdig utfylte skjema lokalt på datamaskinar som er tilgjengelege for andre enn deg sjølv, for eksempel på bibliotek eller i andre offentlege rom. Du er sjølv ansvarleg for at filer du lastar ned for å skrive ut, ikkje blir lagra slik at uvedkommande kan få tilgang til informasjonen.

Kor blir opplysningane lagra?

Opplysningane du oppgir i skjema blir i første omgang lagra hos databehandlar ACOS (med TeleComputing Norge som underleverandør) på vegner av Os kommune. Opplysningane blir deretter overført til våre eigne arkiv. I våre arkiv blir opplysningane oppbevart så lenge det er behov for desse for å kunne oppfylle våre forpliktingar overfor deg. Når opplysningane er overførte til oss, kan dei bli sletta frå ACOS sine system. Opplysningar om brukarprofilen din blir lagra i ACOS sine system på ubestemt tid, inntil du sjølv slettar brukarprofilen din. Brukarprofilen består av: namn, adresse, e-postadresse og telefonnummer.  

Innlogging

Dersom du loggar deg på med e-post/MinID/BankID, kan du kva tid som helst avbryte utfyllinga og eventuelt hente opp att opplysningane for vidare utfylling seinare. Opplysningane du har skrive inn, ligg då på serveren til ACOS, og dei blir ikkje tilgjengelege for Os kommune før du bestemmer deg for å sende inn søknaden. Når du vel å sende inn skjema, samtykker du i at Os kommune kan ta i mot og behandle opplysningane. Nøkkelopplysningar frå innsendte søknadar blir henta opp automatisk når du startar ein ny søknadsprosess.

Dersom du ikkje loggar deg på, blir opplysningane sletta frå serveren til ACOS så snart du sender inn skjema, eller avbryt utfyllinga ved å lukke nettlesaren eller klikke på avbryt.

Er teknologien sikker?

Alle opplysningar som blir sende mellom datamaskinen du skriv på og serveren til ACOS, går over kryptert linje (SSL). Løysinga er like trygg som løysingane nettbankar brukar. Alle opplysningar du oppgir blir overførte kryptert frå datamaskinen din til databehandlaren vår sine system, og vidare kryptert til oss. Opplysningane blir berre tilgjengeleg for personell som har behov for å sjå desse, nærare bestemt arkivpersonell, saksbehandlarar og teknisk personell i Os kommune, og teknisk personell hos databehandlar (fram til data er overført). Opplysningane blir ikkje overførte til tredjepartar. Vi gjer også jamlege risikovurderingar og sikkerheitstiltak for å sikre at opplysningane ikkje kjem på avvege, ikkje blir endra og at dei er tilgjengelege for våre saksbehandlarar. Vi har også plikt til å gi deg beskjed dersom vi skulle oppleve sikkerheitsbrot. 

Erklæringa følger loven

Denne personvernerklæringa følger personvernlovgiving av 20.07.2018 med tilhøyrande forskrift.

Dine rettar:

Du har som hovudregel rett til:

  1. å få informasjon om korleis vi behandlar dine opplysningar.
  2. å få oppgitt opplysningane vi har registrert om deg.
  3. å få sletta opplysningar vi har registrert om deg.
  4. at vi skal avgrense bruk av opplysningar vi har registrert om deg.
  5. at vi skal korrigere feilaktige eller mangelfulle opplysningar vi har registrert om deg.
  6. å protestere og/eller klage til Datatilsynet dersom du meiner personopplysningar blir behandla i strid med denne erklæringa.
  7. å motsette deg avgjerder basert på automatiserte vurderingar av personlege forhold.

Førespurnad om dine rettar blir vurdert opp mot gjeldande norsk lovverk. Krav frå deg kan bli avvist dersom norsk lov hindrar oss i å følge kravet ditt.

Du kan be om å få sjå opplysingane vi har registrert om deg til ei kvar tid. Dette gjer du ved å sende ein førespurnad til postmottak@os-ho.kommune.no.

Du kan la vere å samtykke

Dersom du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok tatt i vare, vil du ikkje kunne bruke dei elektroniske søknadane til Os kommune. Då må du kontakte kommunen på ein annan måte. Trykk vekk denne dialogboksen eller lukk nettlesarvindauget dersom du ikkje samtykker.

Spør oss

Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa, kan du kontakte oss:

Os kommune
Personvernombod i Os kommune: Gøran Breivik
Postboks 84
5202 Os
telefon: 56 57 50 00
e-post: personvern@os-ho.kommune.no