Bestill månadleg faktura frå Os kommune

Os kommune sender normalt ut faktura for kommunale gebyr fire gonger i året. No kan du velje å få faktura månadleg. Då blir beløpet delt på 12 terminar, i staden for på fire.

Les dette før du bestiller: 

  • Står du som fakturamottakar på fakturaen for kommunale gebyr frå Os kommune eller er ein annan person i husstanden registrert som mottakar? Berre fakturamottakar kan gjere endringar i samband med fakturaen. 
  • Månadleg faktura føreset at du har avtale om avtalegiro, e-faktura, Vipps efaktura eller Digital postkasse med Os kommune.
  • Avtale om månadleg faktura gjeld frå og med neste månad.

Bestill månadleg faktura for kommunale gebyr (logg inn via ID-porten)

Kontakt

Lise Birkeland Kvittingen
regnskapssjef
Telefon: 56 57 50 56
Mobil: 932 14 503