Gebyr for bustadtilsyn og feiing

Gebyr for bustadtilsyn og feiing inngår i dei kommunale avgiftene som vi sender ut fast faktura for fire gonger i året. Har du hatt tilsyn og/eller feiing, vil dette stå på fakturaen din.

Årleg basisgebyr

Årsgebyret for 2019 er 719 kroner, som dekker tilsyn og feiing av bustad og fritidsbustad. 

  • Tillegg for meir enn eitt pipeløp: 361 kroner.
  • Feiegebyr for større bygg: Blir fakturert etter medgått tid, inkl. reisetid og KS Brann sine timesatsar.

Gebyr for andre tenester til private

  • Kamerainspeksjon av eldstad: 1 463 kroner.
  • Feiing av fyrkjelar/eldstad blir fakturert etter medgått tid, inkl. reisetid og KS Brann sine timesatsar.