Gebyr for bustadtilsyn og feiing

Gebyr for bustadtilsyn og feiing inngår i dei kommunale avgiftene som vi sender ut fast faktura for fire gonger i året. Har du hatt tilsyn og/eller feiing, vil dette stå på fakturaen din.

Årleg basisgebyr

Årsgebyret for 2019 er 719 kroner, som dekker tilsyn og feiing av bustad og fritidsbustad. 

  • Tillegg for meir enn eitt pipeløp: 361 kroner.
  • Feiegebyr for større bygg: Blir fakturert etter medgått tid, inkl. reisetid og KS Brann sine timesatsar.

Gebyr for andre tenester til private

  • Kamerainspeksjon av eldstad: 1 463 kroner.
  • Feiing av fyrkjelar/eldstad blir fakturert etter medgått tid, inkl. reisetid og KS Brann sine timesatsar.

Søk om gebyrfritak for feiing og tilsyn 

Dersom du har eit røykløp som ikkje er i bruk i ein bustad eller fritidsbustad, kan du søkje om fritak frå gebyr for feiing og tilsyn.
Eldstaden må vere fråkopla, plombert eller skorsteinen må vere blenda.


Send søknadsskjemaet til postmottak@os-ho.kommune.no eller i brev til Os kommune, postboks 84, 5202 Os.

Før du kan få fritak, skal feiaren ha godkjent at fråkoplinga av fyringsanlegg og blending av skorstein er tilfredsstillande utført. Når du har søkt om fritak, tar feiaren kontakt for å avtale dato og tidspunkt for besøk. 

Dersom røykløpet blir tatt i bruk att, har du som eigar plikt å melde frå til feiarvesenet på dette meldingsskjemaet.

Kontakt

Jan Olav Birkeland
fagleiar feiar
Telefon: 56 57 53 45
Mobil: 982 34 449
Svein Rune Frantzen
feiar
Telefon: 56 57 53 49
Mobil: 982 34 451
Hans Marius Hauge
feiar
Telefon: 56 57 53 42
Mobil: 982 34 452
Joakim Janssens
feiar
Telefon: 56 57 53 56
Mobil: 476 57 435