Vanlege spørsmål om vass- og kloakkgebyr

Kommunestyret vedtar prisane for vass- og kloakkgebyra og dei ulike andre kommunale avgiftene.

Kva tid får eg faktura for vass- og kloakkgebyr?

Frå 2016 sender vi ut faktura med gebyr for vatn og kloakk fast fire gonger i året. Dersom du har hatt feiing/tilsyn, er dette òg med på fakturaen. Forfallsdato for fakturaene er 31. mars, 30. juni, 30. september og 31. desember.

Korleis reknar de ut kor mykje eg skal betala?

Vass- og kloakkgebyra er delt i to: Eit abonnemensgebyr som er likt for alle, og eit forbruksgebyr som er rekna ut ifrå kor stor bustaden din er. Dersom du har vassmålar, fakturerer vi deg for målt forbruk.

Kva går pengane som eg betaler i vass- og kloakkgebyr til?

All drift og vedlikehald av vatn og kloakk (leidningsnett, reinseanlegg, pumpestasjonar) finansiert av pengane frå vass- og kloakkgebyr.

Kva skjer med vass- og kloakkgebyret dersom eg sel huset mitt og/eller skal overta nytt?

Eigar av eigedomen er ansvarleg for betaling av kommunale gebyr. Dersom det ikkje er tatt høgde for påløpte kommunale gebyr ved salsopppgjeret, er det altså kjøparen som er ansvarleg, sjølv om gebyret gjeld perioden før overtakinga.
Dersom du skal selja huset ditt, og alt har mottatt faktura, må du ordna ei eventuell oppdeling av fakturaen mellom deg og kjøpar. Vi deler ikkje opp faktura.

Må eg melde frå dersom eg flyttar?

Nei, det treng du ikkje. Vi får fortløpande opplysningar om adresseendring frå Folkeregisteret, så dette skal gå automatisk.

Eg har bygd nytt hus, men ikkje flytta inn enno. Må eg betala gebyr?

Vass- og kloakkgebyra løper frå månaden etter at ferdigattest er utskriven for huset ditt.

Kontakt

Spørsmål om kommunale gebyr og avgifter
$(TITTEL)