Oppmåling og registrering av eigedom (matrikulering)

Matrikkelsystemet er Noregs offisielle register over fast eigedom, bygningar, bustader og adresser.  

Matrikkelen i Os kommune inneheld opplysningar som er naudsynte for planlegging, utbygging, bruk og vern for kvar enkelt eigedom.

Oppmålingsforretning betyr å klarlegge og beskrive eigedomsgrenser og rettar til fast eigedom. Det er nødvendig før ei ny sjølvstendig eigedomseining kan etablerast og førast inn i matrikkelen.

Oppmåling og registrering av eigedom (matrikulering)
Oppretting av grunneigedom og festegrunn Pris i kroner
Areal frå 0-100 m2 19 000,-
Areal frå 101-750 m2 24 200,-
Areal frå 751 - 2000 m2 28.100,-
Areal frå 2001 m2 - pris per påbegynt daa 1.800,-
Maksimalt gebyr 56.900,-
Registrering av eksisterande, ikkje-registrert grunn
Areal frå 0-500 m2 3.300,-
Areal frå 501-2000 m2 6.300,-
Areal frå 2001 m2 - pris per påbegynt daa 1.200,-
Maksimalt gebyr 28.500,-
Oppmåling av uteareal til eigarseksjon, pris per eigarseksjon
Areal frå 0-50 m2 9.000,-
Areal frå 51-250 m2 11 300,-
Areal frå 251-2000 m2 14 200,-
Areal frå 2001 m2 - pris per påbegynt daa 1 050,-
Oppretting av anleggseigedom
Volum frå 0-5000 m3 27 600,-
Volum frå 5001 m3 32 200,-
Registrering av jordsameige
Gebyr blir fakturert etter kor mykje tid som har gått med
Registrering av eigedom i matrikkelen (eigedomsregisteret) utan fullført oppmålingsforretning 2.900,-
I tillegg kjem tilleggsgebyr for oppmålingsforretning
Grensejustering:
Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Arealet for involverte eigedomar kan justerast med inntil 5 % av eigedomen sitt areal
Areal frå 0-250 m2 9 700,-
Areal frå 251-500 m2 12 200,-
Anleggseigedom
Volumet for anleggseigedom kan justerast med inntil 5 %. Øvre grense er 1000 m3
Volum frå 0-250 m3 9 700,-
Volum frå 251-1000 m3 12 200,-
Arealoverføring:
Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløyser dokumentavgift.
Areal frå 0-250 m2 11 800,-
Areal frå 251-500 m2 14 700,-
+ per påbegynt 500 m2 1 800,-
Maksimalt gebyr 56 900,-
Anleggseigedom
Volum som skal overførast frå ei matrikkeleining til ei anna kan ikkje vere registrert på ei tredje eining. Eininga kan overførast berre dersom vilkåra for samanføying er til stades.
Volum frå 0-250 m3 11 800,-
Volum frå 251-500 m3 14 700,-
+ per påbegynt 500 m3 1 800,-
Maksimalt gebyr 56 900,-
Klarlegging og merking av eksisterande grense som er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning
For inntil to grensepunkt 5 700,-
Deretter pris per grensepunkt 1 050,-
Klarlegging av eksisterande grense som ikkje tidlegare er koordinatbestemt eller klarlegging av rettar
For inntil to grensepunkt 11 100,-
Deretter pris per grensepunkt 2 200,-
Privat grenseavtale
For inntil to grensepunkt eller 100 m grenselengde 6 700,-
Deretter pris per grensepunkt 1 400,-
Gebyr etter medgått tid
Oppmåling, per time 1 200,-
Kontorarbeid, per time 700,-
Utsteding av matrikkelbrev
Inntil 10 sider 180,-
Over 10 sider 370,-
Statens kartverk regulerer maksimalsatsane i tråd med den årlege kostnadsutviklinga. Tinglysingsgebyr kan leggjast til det utrekna gebyret.
Oversikt over prisar, oppmåling og registrering av eigendom

Urimelege gebyr

Dersom gebyret tydeleg er urimeleg i høve til grunnleggjande prinsipp og det arbeid og kostnader kommunen har hatt, kan rådmannen eller den han har gitt fullmakt, fastsetje eit høveleg gebyr.

Betalingstidspunkt

Kommunen kan krevje at gebyret skal betalast før arbeidet blir gjennomført.

Endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka

Dersom du som bestillar undervegs i prosessen gjer endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka, vil gebyret likevel bli ståande.

Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering (innføring i eigedomsregisteret)

Gebyret for utført arbeid blir redusert til 1/3 dersom saka blir trekt før ho er fullført, må avvisast eller ikkje lar seg føre inn i matrikkelen på grunn av endra heimelstilhøve eller av andre grunnar ikkje kan fullførast.

Kontakt

Torbjørn Steffensen
Torbjørn Steffensen
fagleiar
Telefon: 56 57 53 14
Mobil: 970 90 192