Gebyr for behandling av reguleringsplanar

Kostnader for behandling av private framlegg til reguleringsplanar og utbyggingsplanar. Vi skil mellom standard saker og kompliserte saker.

  • Dersom ein plan i løpet av planprosessen går frå å vere ein standard sak til å bli ein komplisert sak, sender vi ut tilleggsgebyr. Tiltakshavar (byggherre) blir varsla skriftleg på førehand.
  • Dersom du vil ta opp att ein plan som er sluttbehandla eller avslutta, vil vi behandle den som ein ny plan. Ein plan er sluttbehandla når den er godkjent av kommunestyret og kunngjort. Ei sak blir avslutta dersom det ikkje har skjedd noko i saka i løpet av to år.
  • Planar skal utarbeidast av fagkunnige i ei eintydig og forståeleg form i samsvar med den siste rettleiaren frå Miljøverndepartementet.
  • Plan/føresegner blir overlevert kommunen i digitalt format, slik at dokumentet kan leggast rett inn i kommunens planregister.
  • Gebyret dekkjer: saksbehandling i kommunen, naudsynte avklaringsmøte, kopiering og utsending av innkomne merknader til tiltakshavar (byggherre), annonsar og utsending til offentleg ettersyn og kunngjering, inkludert utsending av godkjent plan.
  • Gebyret dekkjer ikkje: eventuelle utgifter tiltakshavar (byggherre) har til konsulent, eventuelle rettstvistar eller kopiering av planen til offentleg ettersyn eller kopiering av planen for kunngjering av godkjent plan eller kopiering av planen i samband med eventuell mekling.
  • Planar som er fritatt for gebyr
    - planar for offentlege føremål eller offentlege trafikkområde.
    - private planar der dei offentlege interessene utgjer ein vesentleg del av planen. I slike tilfelle kan du søkje kommunen om redusert gebyr.
  • Dersom eit firma, etter kommunen si meining, ikkje fyller dei krava som blir stilt til fagkunde, kan firmaet mellombels miste si godkjenning som fagkunnig. Før kommunen eventuelt trekkjer tilbake godkjenninga, må vi gje firmaet skriftleg varsel om kva kommunen er misnøgd med og tidsfrist for oppretting. Dersom feil og manglar ikkje er retta opp innan tidsfristen, vil firmaet inntil vidare miste si godkjenning som fagkunnig.

Kontakt

Asle  Andaas
Asle Andaas
kommuneplanleggjar
Telefon: 56 57 53 16