Prisar for skulefritidsordninga (SFO)

Faktura for skulefritidsordninga vert sendt ut kvar månad, med betalingsfrist i slutten av kvar månad.

Oversikt over satsar for SFO, oppdatert for 2018 Oversikt over satsar for SFO, oppdatert for 2017
SKULEFRITIDSORDNINGA Satsar 2018
100% (5 dagar), opphaldstid 07.30 - 16.30 kr 2 150
100% (5 dagar), tillegg for utvida dag med opphaldstid 07.00 – 07.30* kr 300
80% (4 dagar), opphaldstid 07.30 - 16.30 kr 1 935
80% (4 dagar), tillegg for utvida dag med opphaldstid 07.00 – 07.30* kr 240
60% (3 dagar), opphaldstid 07.30 - 16.30 kr 1 505
60% (3 dagar), tillegg for utvida dag med opphaldstid 07.00 – 07.30* kr 180
40% (2 dagar), opphaldstid 07.30 - 16.30 kr 1 075
40% (2 dagar), tillegg for utvida dag med opphaldstid 07.00 – 07.30* kr 120
Gebyr for forseinthenta barn i SFO, pr. gong: kr 200
Det er òg mogleg å kjøpe enkeltdag etter avtale med skulen, pris pr. dag: Kr 200
* Den einskilde skule vurderer om dei kan gje tilbod om utvida dag.

Sjå oversikt over skular og SFO i Os kommune.

 

Om betaling for SFO

Du betalar for 190 skuledagar - 10 månader, fordelt slik: 50 % august, 100 % september-mai, 50 % juni. Juli er betalingsfri månad.

I skuleferiar (10 dagar før skulestart i august, haustferien, vinterferien og fem dagar etter skuleslutt i juni) har du høve til å kjøpe ferieope SFO. Det er berre mogleg å kjøpe heile veker, ikkje enkeltdagar eller -timar. Betaling for ferieope SFO kjem i tillegg til betaling for vanleg SFO.