Slik betalar du fakturaer frå Os kommune

Os kommune har gått over til digital utsending av alle kommunale fakturaer. Den digitale fakturaen gir meir og betre informasjon om kva du skal betale, og er ein sikrare måte å betale på.

Digital utsending av faktura inneber at du mottar fakturaen elektronisk, så lenge du har registrert avtale om eFaktura eller anna nettbasert mottak av faktura hos Os kommune. Dersom du ikkje har registrert avtale om eFaktura eller anna nettbasert mottak, vil du halde fram med å få fakturaen i posten.

Vi tilbyr desse betalingsmåtane

eFaktura

eFaktura er ein enkel og grei måte å motta fakturaer på. Vi sender fakturaen til nettbanken din, ferdig utfylt med beløp, kontonummer og KID. Alt du treng å gjere, er å godkjenne han.

Vipps eFaktura

Du kan betale rekninga frå oss med Vipps eFaktura, så lenge du nyttar Vipps og har aktivert funksjonen for å motta rekningar i Vipps-appen. eFaktura vil du sjå i både Vipps-appen og nettbanken.

Faktura i Digipost/eBoks

Dersom du ikkje har avtale om eFaktura eller Avtalegiro med Os kommune, kan du motta faktura i digital postkasse som Digipost eller eBoks.

Faktura i postkassa

Dersom du ikkje har registrert avtale om AvtaleGiro, eFaktura eller digital postkasse med Os kommune, vil du få fakturaen i postkassa på same måte som tidlegare. Blanketten har ikkje lenger ein girodel som du kan rive av og sende til banken. Dersom du betalar med brevgiro, må du no fylle ut ein tom giroblankett. Tome giroblankettar får du gratis i banken din, i Kommunetorget eller på Luranetunet.
Vi kan hjelpe deg med å fylle ut giroblanketten i Kommunetorget på Rådhuset. Her kan du òg betale fakturaen med bankkort, om du heller ønskjer det.

AvtaleGiro

Dersom du ikkje har nettbank eller andre digitale betalingsløysingar, vil oppretting av AvtaleGiro vere ei god løysing. Med AvtaleGiro syter banken din for at rekningane blir betalte direkte frå kontoen din på forfallsdato. 

Her kan du laste ned og skrive ut ein avtale om inngåing av AvtaleGiro med Os kommune (PDF, 63 kB).
Den signerte avtalen sender du til banken.

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt.

Kontakt

Lise Birkeland Kvittingen
regnskapssjef
Telefon: 56 57 50 56
Mobil: 932 14 503