Bedrift i startgropa? Eller vil bedrifta vidare?

Os kommune ønskjer å legge til rette for næringsutvikling i kommunen. Difor er vi med i Business Region Bergen (BRB) - eit interkommunalt selskap som driv næringsutvikling, etablerarsenter, profilering og marknadsføring av Bergens-regionen. Målet er å gjere Bergens-regionen leiande innan kunnskapsbasert og berekraftig næringsutvikling.

BRB sitt etablerarsenter driv kursverksemd og rådgjeving for etablerarar, oppstartsbedrifter, gründerar og entreprenørar. BRB arrangerer òg jamleg Treffpunkt - faglege treff til inspirasjon og motivasjon.
Treng du hjelp til å kome i gang med ein forretningsidé eller vidareutvikle ei etablert bedrift?

Etablerarsenteret held følgjande tre kurs:

  • 1-2-3 Etablering
  • Etablerarkurs
  • Økonomikurs

Sjå meir på Business Region Bergen sine nettsider.