Etablerersenteret er eit offentleg tilbod til gründerar

Etablerersenteret held etablerarkurs og gir rådgiving til etablerarar, gründerar, oppstartsbedriftar og entreprenørar. Treng du hjelp til å komme i gang med din forretningsidé eller videreutvikle ein etablert bedrift?

Etablerersenteret blei i årsskiftet 2016/2016 ein del av Hordaland fylkeskommune, med finansieringshjelp frå Os og andre hordalandskommunar. Dei tilbyr etablerarkurs, rettleiing, rådgjeving, nettverkstreff, og andre innføringar ï det å drive bedrift. Etablerersentet held kurs både på norsk og engelsk.

etablerersenteret - Klikk for stort bilete

Desse kursa held Etablerersenteret

1-2-3 etablering

Om alt det formelle som må på plass for å starte bedrift.

Etablerarkurs

Todagarskurs som går djupare inn i forretningsplanen og jobbar med idear. Dag to handlar om økonomi og skatt. Elevane må også "pitche" sin ide for dei andre.

Økonomikurs

Deltakarane lærer økonomiforståing gjennom spillet Økonomi Illustrator. Deltakarane jobbar med eit case i grupper. Gruppa er styre for bedriftene dei følger over fire år i spelet.

Kan også tilby lokale kurs

Etablerersentert tilbyr å halde kurs i Os dersom det blir meir enn 10 deltakarar. Meld derfor interessa di til næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim – dask@os-ho.kommune.no, om du kunne tenke deg å ta eit av kursa til Etablerersenteret. Sjå også kurskalenderen deira på etablerersenteret.no/kalender.

Andre tilbod

Etablerersenteret kan også gi individuell rettleiing.

Kvar månad held dei nettverkstreff på norsk (Treffpunkt), og fire gonger i året på engelsk (Link Up @ The Library). Treffa er i Bergen.

– Sidan vi er bransjenøytrale og alle er velkommen hos oss, er temaa varierte. Dei kan interessere alle, uavhengig av bransje og livssyklus, skriv Etablerersenteret.