Kven kan ta etablerarprøva?
Alle som ønskjer det kan ta etablerarprøva. Dersom du skal vera dagleg leiar av ein serveringsstad som serverer mat og alkoholfri drikke, må du ha bestått etablerarprøva.
Slik går du fram
Alle i Os kommune må avlegge prøva i Bergen kommune. Meir informasjon om korleis du søkjer kan du finne på Bergen kommune sine heimesider.
Pensum
Du finn læremateriell til etablerarprøva på nettbutikken vinn.no
Kva kostar det?
Det kostar kr 400,- å avlegga etablerarprøva.