Serveringsløyve for mat og drikke

Planlegg du å starte ein serveringsstad med servering av mat eller drikke, må du ha serveringsløyve. For å kunne søkje om skjenkeløyve for alkohol, må du fyrst ha serveringsløyve.

Korleis få serveringsløyve?

Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva for å kunne søkje om serveringsløyve. Løyvet vert gitt til verksemda som eig serveringsstaden. Bruk det elektroniske søknadsskjemaet under for å søkje om serveringsløyve.

Endringar i løyveperioden

Dersom det skjer endringar i drifta i løpet av dei fire åra salsløyvet gjeld, til dømes skifte av styrar og avløysar eller endring i eigartilhøva, krev vi ofte ny godkjenning eller nytt løyve. Løyvet fell bort dersom verksemda vert overdratt til andre. Verksemda kan likevel halde fram i tre månader på det eksisterande løyvet, under føresetnad av at kommunen vert underretta om endringa så snart som mogleg og seinast 30 dagar etter overtaking.

Søk om serveringsløyve

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 04.11.2016 11:21

Kontakt

Monica Totland
konsulent i skatteavdelinga
Telefon: 56 57 50 22