Skjenkeløyve: Sal og servering av alkohol

Dersom du driv ein serveringsstad med serveringsløyve, og ynskjer å servere alkoholhaldig drikke, må du søkje om skjenkeløyve. Skjenkeløyvet vert gitt for fire år om gongen.

Skjenkeløyvet kan gjelde:

  • Drikke med alkoholinnhald over 2,5 % og maksimalt 4,7 %
  • Drikke med alkoholinnhald på maksimalt 22 %
  • All alkoholhaldig drikke

Korleis få skjenkeløyve?

For kvart løyve skal det utpeikast ein styrar og ein avløysar. Begge må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova, vere over 20 år, arbeide i den aktuelle verksemda og elles oppfylle krava til vandel i alkohollova og serveringslova.

Alle som vil bli godkjent som dagleg leiar/styrar ved stader som har eller skal søkje om skjenke- og serveringsløyve, må ha avlagt og bestått etablerarprøva.

Desse vedlegga må følgje med søknaden om skjenkeløyve:

  • Firmaattest
  • Skatteattest for driftsselskapet
  • Adkomstdokument (leigekontrakt eller anna dokument som stadfestar at du disponerer lokalet til det bruk som det vert søkt om).
  • Teikning av inneareal der skjenkeareala er skravert.
  • Teikning/plan for uteserveringa, med grunneigar si godkjenning påteikna.
  • Vitnemål som stadfestar at styrar og avløysar har bestått kunnskapsprøve om alkohollova.
  • Stadfesting av at dagleg leiar har bestått etablerarprøva.
  • Tilsettingsbevis/dokumentasjon som viser styrar og avløysar si tilknyting til serveringsstaden.
  • Bruksløyve frå bygningsstyresmakter, t.d.
     

Kva kostar det?

Alle som har eit sals- og/eller skjenkeløyve må betala eit årleg gebyr til kommunen, jf. alkohollova § 7-1
Prisen/gebyret for sals- og skjenkeløyvet blir rekna ut på grunnlag av forventa årleg omsett mengde alkoholhaldig drikk.

Minstegebyret for eit salsløyve er sett til kr 1380 per år. Minstegebyret for eit skjenkeløyve er kr 4100 per år.

Søk om skjenkeløyve

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 04.11.2016 10:40

Kontakt

Monica Totland
konsulent i skatteavdelinga
Telefon: 56 57 50 22