A-ordninga

 A-ordninga er rapporteringsordninga for tilsetjings- og inntekstsopplysingar frå arbeidsgjevarar og andre opplysingspliktige til Skatteetaten, NAV og Statistisk sentralbyrå (SSB).

A-melding

Du skal kvar månad senda inn a-melding med opplysingar om alle tilsette, status for deira arbeidsforhold, trekt forskotstrekk, utbetalt løn, naturalytingar med meir. Du skal òg rapportera alle opplysingar om utrekning av arbeidsgjevaravgift for månaden.

Utbetalingsdato styrer fristen for rapportering i a-meldinga. Du skal rapportera løn og andre ytingar etter kontantprinisppet. Det betyr at du må rapportera alle utbetalingar i januar i a-meldinga for januar, seinast 5. februar, uansett om det er løn for januar eller etterskotsbetalt løn for desember året før.

Frist for levering av a-melding og betaling

A-meldinga skal som hovudregel leverast elektronisk. Du kan senda opplysingane via løns- og personalsystemet ditt eller registrere direkte i Altinn.

Betaling

Forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift skal du betala til Kemnaren i Os annankvar månad. Som arbeidsgjevar har du plikt til å ha ein skattetrekkskonto eller ein garanti for skattetrekk.

Meir informasjon og rettleiing om a-ordninga finn du på Altinn.

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 05.01.2016 13:08

Kontakt

Kemnaren i Os kommune/ Skatteoppkrevjarane i Austevoll og Tysnes
Torggata 7 (Os rådhus), Postboks 84 5202 Os
Telefon: 56 57 50 00