Endra kontonummer

Dersom du ønskjer å endra kontonummer for utbetaling av tilgodebeløp, kan du gjera det i Altinn.

Dersom fristen for å endra kontonummer i Altinn har utløpt, kan du oppgje kontonummeret du ønskjer å endra til i brev eller e-post til Kemnaren.

Oppmodinga om endring av kontonummer må vera underteikna av dagleg leiar i selskapet eller den som dagleg leiar har gitt fullmakt til. Legg ved kopi av ID og eventuell fullmakt. Dersom oppmodinga kjem frå advokat, revisor eller rekneskapsførar er det ikkje naudsynt med fullmakt. Det må òg dokumenterast ved hjelp av bankutskrift at kontoen tilhøyrer selskapet.

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 20.01.2016 13:52

Kontakt

Kemnaren i Os kommune/ Skatteoppkrevjarane i Austevoll og Tysnes
Torggata 7 (Os rådhus), Postboks 84 5202 Os
Telefon: 56 57 50 00