Forskotstrekk og arbeidsgivaravgift

Som arbeidsgivar har du ansvar for å trekka skatt (forskotstrekk) og rekna ut arbeidsgivaravgift kvar gong du betaler ut løn og anna trekkpliktig godtgjering eller gir ei naturalyting (fri bil, bustad osb.) til ein arbeidstakar. Dette gjeld òg i kortvarige arbeidsforhold. Arbeidstakaren treng ikkje vera tilsette hos deg.

Lønsarbeid i heimen og frivillige organisasjonar

Det er spesielle reglar og beløpsgrenser for pass av barn, for skattefrie institusjonar og for frivillige og ideelle organisasjonar.

Trekkgrunnlag for forskotstrekk

Du skal gjennomføra forskotstrekk i skattepliktig løn, godtgjering, naturalytingar, styregodtgjering osb. det same gjeld skattepliktig pensjon som du betaler ut.

Unntak og avgrensingar

Nokre skattepliktige ytingar skal du ikkje trekka i sjølv om dei er skattepliktige, til dømes feriepengar som du betaler ut i ferieåret (året etter oppteningsåret) og del av løn før jul. Det finst òg nokre skattepliktige naturalytingar som ikkje er trekkpliktige.

Dersom du betaler ut bilgodtgjering eller andre utgiftsgodtgjeringar, er dette trekkfritt dersom arbeidstakaren leverer reiserekning som oppfyller enkelte vilkår. Det er eigne satsar for kor stor godtgjeringa kan vera.

I Lønns-ABC finn du kva ytingar som er trekkpliktige og trekkfrie.

Frådrag i trekkgrunnlaget

Fagforeiningskontigent og pensjonsinnskot som du har trekt i arbeidstakaren si løn, skal trekkast frå før du reknar ut forskotstrekket.

Du treng ikkje foreta forskotstrekk dersom

  • Forskotstrekket til ein og same arbeidstakar ikkje vil utgjera meir enn 100 kroner i kalendermånaden.
  • Summen av alle trekkpliktige ytingar til ein og same arbeidstakar ikkje vil overstiga 500 kroner i kalendermånaden.
  • Alle utbetalingane til ein og same arbeidstakar ikkje overstig 1000 kroner i løpet av eit inntektsår (gjeld sjølv om utbetalinga har skjedd samla).

Slik gjennomfører du forskotstrekket

Forskotstrekket gjennomfører du ved å rekna ut trekkbeløpet og halde dette tilbake når du gjer utbetaling til arbeidstakaren. Forskotstrekket skal du setja inn på skattetrekkskontoen seinast første verkedag etter lønsutbetalinga.

Skattekort

Du reknar ut skattetrekket etter arbeidstakaren sitt skattekort. På skattekortet står det kva for prosentsats eller tabelltrekk du skal bruka. Skattekortet hentar du elektronisk hos Skatteetaten.

Dersom arbeidstakaren ikkje har frikort eller skattekort, må du trekka 50 prosent (30 prosent ved pensjonsforhold).

Naturalytingar

Dersom arbeidstakaren mottar naturalytingar, skal du gjennomføra forskotstrekk så langt dei kontante ytingane rekk. Dersom forskotstrekket er høgare enn dei kontante ytingane, skal du melda frå til Skatt vest.

Dokumentasjon av forskotstrekk

Ved kvar lønsutbetaling skal du gje arbeidstakaren kvittering for foretatt forskotstrekk, vanlegvis ein lønsslipp. Kvitteringa skal mellom anna innehalda:

  • Arbeidstakaren sitt namn og fødselsnummer
  • Trekkperioden
  • Kva for tabell eller prosentsats det er trekt etter
  • Bruttoløn
  • Utrekningsgrunnlaget for forskotstrekk med spesifikasjon av frådrag i trekkgrunnlaget
  • Storleiken på forskotstrekk og utleggstrekk
  • Arbeidsgivaren sitt namn og organisasjonsnummer

Du skal gje arbeidstakaren dokumentasjon på det samla forskotstrekket når inntekstsåret er slutt: årsoppgåve til arbeidstakaren som viser totalt forskotstrekk og ytingar som er innrapporterte på a-meldingane for året.

Arbeidsgivaravgift

Som arbeidsgivar har du ansvar for å rekna ut og betala inn arbeidsgivaravgift. Arbeidsgivaravgifta blir rekna ut på bakgrunn av eit avgiftsgrunnlag og ein avgiftssats. Kva for kommune verksemda di har hovudkontor i avgjer kva for sats du skal bruka.

  • I Os kommune er satsa for arbeidsgivaravgifta 14,1 prosent. Kommunenummeret er 1243. 
  • I Austevoll er satsa for arbeidsgivaravgifta 14,1 prosent. Kommunenummeret er 1244.
  • I Tysnes er satsa for arbeidsgivaravgifta 10,6 prosent. Kommunenummeret er 1223.

Avgiftsgrunnlag

Du skal rekna arbeidsgivaravgift av løn og anna godtgjering som du skal innrapportera på a-meldinga for kalendermånaden.

  • Du skal ikkje redusera avgiftsgrunnlaget sjølv om du har gjort frådrag i trekkgrunnlaget for fagforeiningskontigent, pensjonsinnskot, osb.
  • Du skal rekna arbeidsgivaravgift sjølv om beløpet er fritatt for opplysingsplikt på grunn av storleiken på beløpet (under 1000 kroner i inntektsåret).

Du skal òg rekna arbeidsgivaravgift av naturalytingar (bil, bustad osb.) og utgiftsgodtgjering (bilgodtgjering, kostgodtgjering osb.) som er trekkpliktige. Du skal ikkje rekne ut arbeidsgivaravgift dersom naturalytinga eller utgiftsgodtgjeringa er trekkfri.

Har du betalt tilskot til livrente- og pensjonsordningar, skal du rekna arbeidsgivaravgift av arbeidsgivaren sin del av innbetalinga. Dette gjeld sjølv om det ikkje skal innrapporterast på den enkelte arbeidstakar på a-meldinga.

Fristar for innrapportering og betaling

Du skal levera a-melding for kvar kalendermånad innan den 5. i månaden etter. Forskotstrekket og arbeidsgivaravifta skal du betala til Kemnaren annankvar månad. Fristar for rapportering og betaling.

A-melding

Kvar kalendermånad som du senda ei a-melding med opplysningar om gjennomført forskotstrekk og berekna arbeidsgivaravgift.

Du skal rapportera gjennomført forskotstrekk med beløp og beskrivinga "Forskotstrekk" på den enkelte arbeidstakaren, og det skal inngå i rapporteringa av "Sum forskotstrekk å betala" for arbeidsgivaren.

Du skal ta med alle avgiftspliktige ytingar i rapporteringa av avgiftsgrunnlaget for den aktuelle verksemda. Utrekna avgift skal inngå i rapporteringa av "Sum arbeidsgivaravgift å betala".

A-meldinga skal som hovudregel leverast elektronisk. Du kan senda opplysningane via løns- og personalsystemet ditt eller ved å registrere direkte i Altinn.

Betal til kemnaren i Os kommune:

  • Kontonummer: 6345.06.12431

  • IBAN: NO45 0612 431

  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Skatteoppkrevjaren i Tysnes kommune:

  • Kontonummer 6345.06.12237

  • IBAN: NO45 6345 0612 237

  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Skatteoppkrevjaren i Austevoll kommune:

  • Kontonummer: 6345.07.12444

  • IBAN: NO77 6345 0712 444

  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Du kan få laga eit KID-nummer hos Skatteetaten.

Vel rett skatteart: Forskotstrekk eller arbeidsgivaravgift og den terminen betalinga gjeld. Dette er viktig for at betalinga skal registrerast rett.

Dersom du betaler frå eit utanlandsk kontonummer: Legg inn kontonummeret du skal betala til på Nordea Bank si nettside, og få generert IBAN-nummer og SWIFT-kode.

Kontakt

Kemnaren i Os kommune/ Skatteoppkrevjarane i Austevoll og Tysnes
Torggata 7 (Os rådhus), Postboks 84 5202 Os
Telefon: 56 57 50 00