Gjennomføring av utleggstrekk skatt

Kemnaren kan pålegga arbeidsgjevarar å trekka eit beløp frå ein tilsett si lønsutbetaling dersom skatte- og avgiftskrav ikkje blir betalte til rett tid. Dette blir kalla utleggstrekk. Utleggstrekk er eit innfordringsmiddel og skal gjennomførast uavhengig av arbeidstakaren sitt samtykke.

Er du arbeidstakar og har fått varsel om utleggstrekk? Les meir om utleggstrekk her.

Trekkpålegg

Dersom det er bestemt at ein arbeidstakar skal trekkast i løn, vil du som arbeidsgjevar motta eit trekkpålegg. Her står det kor mykje du skal trekka, og kor lenge trekket skal vara.

Arbeidsgjevar sine plikter og ansvar

Arbeidsgjevar er økonomisk og strafferettsleg ansvarleg for at trekk blir gjort, og at det blir betalt inn til Kemnaren. Du skal føreta utleggstrekk slik det står i trekkpålegget. Arbeidsgjevarar som har plikt til å ha skattetrekkskonto, skal setja utleggstrekk på denne kontoen saman med forskotstrekket. Du må òg følgja reglane som gjeld for innrapportering og betaling av utleggstrekk skatt.

Prioritetsreglane

Dersom det er gitt pålegg om trekk for fleire krav hos same arbeidstakar, og trekkgrunnlaget ikkje er stort nok til å dekka alle, har krava følgjande prioritet:

  • Krav på lovbestemt forsørgingsplikt (barnebidrag)
  • Krav på erstatning eller oppreising for skade valda ved straffbar handling
  • Krav på bøter
  • Krav på skatt eller offentleg avgift
  • Andre krav

Fristar for innrapportering og betaling

 
Termin Innrapporter og betal innan
1. termin (januar/februar)

15. mars

2. termin (mars/april) 15. mai
3. termin (mai/juni) 15. juli 
4. termin (juli/august) 15. september
5. termin (september/oktober 15. november
6. termin (november/desember) 15. januar året etter

Oppgjersliste

Kvar termin mottar du ei oppgjersliste. Fyll denne ut og send tilbake per post. Dersom du ikkje har trekt arbeidstakar ein termin, skal du senda nulloppgåve. Utleggstrekk er ikkje ein del av a-ordninga, og du skal senda oppgjersliste og betala trekket til Kemnaren.

Om du ikkje har motteke oppgjersliste innan betalingsfristen, kan du lasta ned oppgjersliste for utleggstrekk her.

Slik betaler du

Du finn betalingsinformasjon på oppgjerslista du får tilsendt kvar termin. Dersom du ikkje har denne tilgjengeleg, betaler du slik:

Betal til kemnaren i Os kommune:

  • Kontonummer: 6345.06.12431

  • IBAN: NO45 0612 431

  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Skatteoppkrevjaren i Tysnes kommune:

  • Kontonummer 6345.06.12237

  • IBAN: NO45 6345 0612 237

  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Skatteoppkrevjaren i Austevoll kommune:

  • Kontonummer: 6345.07.12444

  • IBAN: NO77 6345 0712 444

  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Du kan få laga eit KID-nummer hos Skatteetaten.

Vel skatteart utleggstrekk og den terminen utleggstrekket gjeld for. Dette er viktig for at betalinga skal registrerast rett.

Dersom du betaler frå eit utanlandsk kontonummer: Legg inn kontonummeret du skal betala til på Nordea Bank si nettside, og få generert IBAN-nummer og SWIFT-kode.

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 24.10.2016 08:23

Kontakt

Kemnaren i Os kommune/ Skatteoppkrevjarane i Austevoll og Tysnes
Torggata 7 (Os rådhus), Postboks 84 5202 Os
Telefon: 56 57 50 00