Skattetrekkskonto

Alle arbeidsgivarar som utbetaler løn må setja forskotstrekket inn på ein eigen skattetrekkskonto. Dersom du ved ein feil har overført pengar til skattetrekkskontoen, må du kontakta Kemnaren for å få dei tilbake.

Dersom du ikkje ønskjer å bruka skattetrekkskonto, må du ha ein skattetrekksgaranti.

Skattetrekkskonto

Alle arbeidsgivarar som utbetaler løn eller pensjon, må syte for innbetaling av skattetrekk. Trekt forskots- eller utleggstrekk skal setjast inn på ein eigen skattetrekkskonto, seinast dagen etter lønsutbetalinga.

Frigjeving av pengar på skattetrekkskonto

Pengar som er sett inn på ein skattetrekkskonto kan berre overførast til Kemnaren eller til ein annan skattetrekkskonto. Dersom du ved ein feil har overført pengar til skattetrekkskontoen, må du ta kontakt med Kemnaren for å få dei tilbake.

Skattetrekksgaranti

Dersom selskapet ikkje ønskjer å bruka skattetrekkskonto, kan de i staden stille garanti for skattetrekket. Det vanlegaste er at skattetrekksgarantien blir stilt av ein bank, men andre føretak som har rett til å drive finansieringsverksemd kan òg stilla garanti. Garantien må vera godkjent av Kemnaren før lønsutbetalinga. Vi godtar ikkje garantiar frå bankar og andre finansieringsføretak frå land utanfor EØS-området.

Dette må gå fram av skattetrekksgarantien:

  • Kven som er garantist (bank) og garantidebitor (førestak med organisasjonsnummer).
  • Kven garantien er til fordel for (benificiant Kemnaren i Os).
  • Beløp (storleiken på garantien).
  • Tilvising til skattebetalingslova § 5-12 (3), jf. § 16-20.
  • At garantien vil gjelda, etter oppseiing eller utløp, til skattetrekket for alle lønsutbetalingar i garantitida er betalte.

Dersom ein utanlandsk bank eller eit forsikringsselskap innanfor EØS-området er garantist, skal garatien i tillegg innehalda klausular om at Nordhordland tingrett er rett verneting, og at garantien er underlagt norske lovar og reglar.

Send skattetrekksgaranti til oss per post.

Private arbeidsgivarar som nyttar den forenkla oppgjersordninga og frivillige eller ideelle organisasjonar skal betala inn skattetrekket første verkedag etter lønsutbetalinga, og treng difor ikkje skattetrekkskonto.

Skattetrekket er dei tilsette sine pengar, og kan difor ikkje disponerast av arbeidsgjevaren. Det er straffbart å ikkje gjennomføra og handtera skattetrekket rett.

Lovar

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 05.01.2016 13:05

Kontakt

Kemnaren i Os kommune/ Skatteoppkrevjarane i Austevoll og Tysnes
Torggata 7 (Os rådhus), Postboks 84 5202 Os
Telefon: 56 57 50 00