Betalingsavtale for skatt

Dersom du har problem med å betala skatten i tide, er det viktig at du søkjer om hjelp så tidleg som mogleg. 
Dersom du ikkje kan betala skatten no, kan du søkja om betalingsavtale. Ein betalingsavtale kan vera ein avtale om betalingsutsetjing, avdrag eller ein kombinasjon av begge delar.

Dersom du ikkje betaler ved forfall

Hovudregelen er at skatten skal betalast ved forfall. Dersom du ikkje betaler ved forfall, må du betala forseinkingsrenter. Dersom du framleis ikkje betaler, er det vår plikt å innfordre pengane ved tvang. Då kan vi til dømes trekka deg i løn eller andre ytingar. Dette vert kalla utleggstrekk. 
Vi kan òg ta pant i eigendelane dine. Dette vert kalla utleggsforretning. Både utleggstrekk og utleggsforretning gjer at du får betalingsanmerkning.

Slik kan du få betalingsavtale

Det er strenge vilkår for å få ein betalingsavtale. Alle følgjande vilkår må vera oppfylte:

  • Du har ikkje moglegheit til å betala på vanleg måte.
  • Du må koma med forslag til ein nedbetalingsplan.
  • Tilbodet må vera det beste du kan koma med.
  • Tilbodet må gje raskare nedbetaling enn ved tvangsinnfordring, som utleggstrekk eller utleggsforretning.

I tillegg vurderer vi om det vil verka svekkande på den alminnelege betalingsmoralen om du får ein slik avtale.

Slik søkjer du om betalingsavtale - personleg skattytar

Er du lønsmottakar, pensjonist, driv enkeltpersonføretak eller er deltakar i ansvarleg selskap, er du personleg skattytar.

Gjer sjukdom, dødsfall eller andre personlege grunnar at du mellombels ikkje kan betala skattekravet ditt?
Du kan søkja om ein betalingsavtale dersom du ikkje kan betala skatten ved forfall grunna til dømes alvorleg sjukdom, dødsfall i familien, langvarig arbeidsløyse, samlivsbrot eller anna. Du må dokumentera årsaken (til dømes sjukdom) og at dette er grunnen til betalingsproblema dine.

Du må i tillegg kunna dokumentera inntektene og utgiftene til deg og din husstand. Dette kan du gjera ved å senda kopi av din eigen og ektefelle/sambuar sin lønsslipp, pluss kopi av husleigeavtale/giroar og/eller dokumentasjon frå banken på kor mykje du betaler i renter og avdrag i månaden.

Ta kontakt med Kemnaren i Os for spørsmål om betalingsavtale.

Treng du hjelp?

  • Har du stor gjeld til andre kreditorar i tillegg til Kemnaren? Då kan du søkja namsmannen om gjeldsordning. Os lensmannskontor utfører namsmannsfunksjonen i Os kommune, telefon 56 30 39 00.
  • NAV tilbyr økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving
  • Skattehjelpen er ei eining i Skatteetaten som hjelper skattebetalarar som er i ein særleg vanskeleg livssituasjon. Målet er å finna løysingar som kan betra situasjonen og gjera skattebetalaren i stand til å betala skatt.

Slik søkjer du om betalingsavtale - upersonleg skattytar

Aksjeseelskap, Norsk avdeling av utanlandsk føretak (NUF), verdipapirfond og bankar er upersonlege skattytarar.
Vi tar berre omsyn til dokumenterte opplysningar når vi handsamar søknaden. Bedrifter må legga ved desse dokumenta:

  • Siste årsrekneskap
  • Likviditetsbudsjett for den aktuelle søknadsperioden
  • Ei oppstilling over selskapet sine eigendelar og gjeld

Ta kontakt med kemnaren i Os for spørsmål om betalingsavtale for upersonleg skattytar.

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 17.06.2016 12:29

Kontakt

Kemnaren i Os kommune/ Skatteoppkrevjarane i Austevoll og Tysnes
Torggata 7 (Os rådhus), Postboks 84 5202 Os
Telefon: 56 57 50 00