Ettergjeving av skatt

Dersom du har skattegjeld som du over fleire år ikkje har klart å betala, kan du søkja om ettergjeving av skatt. Ettergjeving av skatt betyr at heile eller delar av skattegjelda di blir sletta. Vi skil mellom ettergjeving av omsyn til det offentlege og ettergjeving av omsyn til deg som skuldnar.

Ettergjeving av skatt for personlege skattytarar

Er du lønsmottakar, pensjonist, driv enkeltpersonsføretak eller er deltakar i ansvarleg selskap, er du personleg skattytar.

Dersom du i tillegg har gjeld til andre kreditorar enn Kemnaren, bør du fyrst søkja om gjeldsordning gjennom namsmannen før du søkjer om ettergjeving av skatt. Dersom du får ei gjeldsordning gjennom namsmannen, vil den òg omfatta skattegjelda di.

  • Ettergjeving av omsyn til det offentlege

Ettergjeving av omsyn til det offentlege betyr at vi vil få betre dekning av skattekravet ved at du gjev oss eit betalingstilbod enn det vi kan oppnå ved å krevja inn skattegjelda.

Vi stiller strenge krav til dokumentasjon av inntekter og utgifter, sjå Skattedirektoratet si melding 9/11, punkt 3.3.

Kontakt Kemnaren i Os for meir informasjon om korleis du søkjer om ettergjeving av omsyn til det offentlege.

  • Ettergjeving av omsyn til deg som skuldnar

Vi kan gje ettergjeving av omsyn til deg som skuldnar dersom du har fått betalingsvanskar på grunn av dødsfall, sjukdom eller liknande årsaker.

Sjukdomen må vera avlorleg og langvarig. Du må dokumentera at du er sjuk, og at det er samanheng mellom sjukdomen og betalingsvanskane dine. For vilkår, sjå Skattedirektoratet si melding 3/12, punkt 31., 3.2 og 3.3.

Kontakt Kemnaren i Os for meir informasjon om korleis du søkjer om ettergjeving av omsyn til deg som skuldnar.

Ettergjeving av skatt for upersonlege skattytarar

Aksjeselskap, Norsk avdeling av utanlandsk føretak (NUF), verdipapirfond og bankar er upersonlege skattytarar.

Dersom selskapet i tillegg har gjeld til andre kreditorar, kan de søkja om tvangsakkord eller frivillig gjeldsordning. Les meir om dette i Skattedirektoratet si melding 9/11 punkt 3.5.

Vilkår for ettergjeving av skatt for upersonlege skattytarar er dei same som for personlege skattytarar. I praksis er ettergjeving av omsyn til skuldnar sjeldan aktuelt for selskap.

Meiner du at skattegjelda di er feil etter at du har blitt skjønnslikna?
Ta kontakt med Skattehjelpen før du søkjer om ettergjeving. Skattehjelpen er ei eining i Skatteetaten som hjelper skattebetalarar i ein særleg vanskeleg livssituasjon. Målet er å finna løysingar som kan betra situasjonen og gjera skattebetalaren i stand til å betala skatt.

Kontakt

Kemnaren i Os kommune/ Skatteoppkrevjarane i Austevoll og Tysnes
Torggata 7 (Os rådhus), Postboks 84 5202 Os
Telefon: 56 57 50 00