Motrekning

Dersom du skuldar pengar til det offentlege, kan skattepengar du har til gode bli brukte til å betala ned på det du skuldar. Dette blir kalla motrekning.

 Du blir motrekna dersom du skuldar:

  • Skatt eller forseinkingsrenter frå tidlegare år
  • Skatt til andre kommunar
  • Barnebidrag
  • Meirverdiavgift 
  • Andre krav til stat eller kommune, til dømes parkeringsgebyr

Dersom du etter motrekning framleis har pengar til gode, får du dei utbetalt. Du får ei oversikt som syner kva pengane har blitt brukt til. Det kan ta nokre veker frå skatteoppgjeret er sendt ut til saka di er ferdig handsama.

Spørsmål eller klage på motrekning

Ta kontakt med Kemnarkontoret.

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 17.06.2016 12:29