Utleggstrekk

Dersom du ikkje betaler skattekravet du skuldar innan betalingsfristen, har Kemnaren plikt til å forsøka å få dekka kravet. Eitt av verkemidla kan vera utleggstrekk. 

Utleggstrekk betyr trekk i løn, godtgjering eller pensjon.

Trekk i løn eller liknande

Utleggstrekk inneber at delar av løna di, stønad frå NAV eller andre inntekter ikkje blir utbetalt til deg, men i staden overført til Kemnaren for å betala ned det du skuldar.

Trekket er vanlegvis ein bestemt prosent av løna di, men det kan òg vera eit fast beløp i månaden.

Arbeidsgjevar har plikt til å trekka deg, og kan gjerast ansvarleg ved manglande gjennomføring. Pengane blir trekte utan ditt samtykke.

Varsel om utleggstrekk

Før trekket startar, får du varsel i posten. Dersom du ikkje betaler det du skuldar innan 14 dagar, vil du bli trekt i neste utbetaling. I brevet står det kor stort trekket er og kven som skal gjennomføra det.

Betalingsmerknad

Når trekket startar, får du ein betalingsmerknad i Lausøyreregisteret. Dersom du betaler kravet med ein gong du får varselet, slepp du betalingsmerknad.

Betalingsmerknaden er registrert så lenge utleggstrekket varer. Når utleggstrekket er avslutta, får Lausøyreregisteret beskjed og betalingsmerknaden vert normalt sletta i løpet av ei veke.

Dersom utleggstrekket er avslutta, men du framleis er registrert med betalingsmerknad, må du kontakta Lausøyreregisteret. Kontakt Kemnaren om Lausøyreregisteret ikkje har fått melding om at utleggstrekket er avslutta eller dersom betalingsmerknaden skuldast utleggsforretning som Kemnaren har tatt.

Slik reknar vi ut utleggstrekket

Inntekt minus:

  • Forskotstrekk
  • Utgifter til livsopphald
  • Utgifter til bustad/bustadlån
  • Andre utgifter vi må ta omsyn til, til dømes naudsynte medisiner
  • Trekk med høgare prioritet

= sum som gjev rom for utleggstrekk til Kemnaren

Vi trekker ikkje i barnetrygd, men den reknast som inntekt når vi reknar ut kor stort trekket skal vera.

Husstanden skal ha nok att til naudsynt livsopphald. Satsane til livsopphald skal dekka vanlege utgifter, som til dømes mat, klede, tannlege, straum, telefon, transport og forsikring.

Utgifter til forbrukslån og studielån vert ikkje rekna som utgifter til naudsynt livsopphald, og du vil difor normalt ikkje kunna betene slike lån når du har utleggstrekk.

Prioritering av ulike trekk

Lova bestemmer kva for krav som skal prioriterast ved utleggstrekk, og i kva for rekkefølgje. Det er berre krav på lovbestemt forsørgjarplikt (barnebidrag) og erstatningskrav etter straffbar handling som har prioritet før skattekrav. Har du trekk med dårlegare prioritet enn skattekrav, må desse difor stoppast til vi har gjennomført vårt utleggstrekk.

Lovar

Ubetinga betalingsplikt: Skattebetalingslova § 10-1
Tvangsgrunnlag for utlegg/utleggstrekk: Skattebetalingslova § 14-1 jf. § 14-4
Varsel/særleg tvangsgrunnlag: Tvangsfullbyrdingslova § 4-18
Renter ved forseinka betaling: Skattebetalingslova § 11-1 jf. § 11-6

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 17.06.2016 12:30

Kontakt

Kemnaren i Os kommune/ Skatteoppkrevjarane i Austevoll og Tysnes
Torggata 7 (Os rådhus), Postboks 84 5202 Os
Telefon: 56 57 50 00