Forskotsskatt

Dersom du er sjølvstendig næringsdrivande med eit enkeltpersonsføretak eller deltakar i eit ansvarleg selskap, er du personleg skattytar og skal betala forskotsskatt. Har du formue eller store kapitalinntekter, skal du òg betala forskotsskatt. Du kan ha både forskotstrekk og forskotsskatt for same inntektsår.

Forskotsskatten vert rekna ut på grunnlag av dei siste likningsopplysningane eller forventa overskot. Grunnlaget for forskotsskatten finn du på skattetrekksmeldinga di.

Betaling av forskotsskatt

Du får tilsendt betalingsgiro fire gonger i året. Forfallsdatoane er dei same kvart år:

  • 15. mars
  • 15. mai
  • 15. september
  • 15. november

Dersom du ikkje betaler ein termin ved forfall, vil du måtta betala heile skatten ved forfall.

Sjølv om du ikkje har mottatt betalingsgiro, skal du likevel betala innan forfallsdatoen.

Betal til: 

Kemnaren i Os kommune:

  • Kontonummer: 6345.06.12431

  • IBAN: NO45 0612 431

  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Skatteoppkrevjaren i Tysnes kommune:

  • Kontonummer 6345.06.12237

  • IBAN: NO45 6345 0612 237

  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Skatteoppkrevjaren i Austevoll kommune:

  • Kontonummer: 6345.07.12444

  • IBAN: NO77 6345 0712 444

  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Du kan få laga eit KID-nummer hos Skatteetaten.

Vel skatteart forskotsskatt og det året skatten gjeld for. Dette er viktig for at betalinga skal registrerast rett.

Dersom du betaler frå eit utanlandsk kontonummer: Legg inn kontonummeret du skal betala til på Nordea Bank si nettside, og få generert IBAN-nummer og SWIFT-kode.

Tilleggsforskot

Dersom skatten vert større enn beløpet du har betalt i forskotsskatt, kan du betala tillleggsforskot innan 31. mai. Då slepp du rentetillegg på restskatten.

For sein betaling

Dersom du betaler for seint, må du betala heile forskotsskatten på ein gong. Forseinkingsrenter kjem i tillegg. Renter løper frå forfall og fram til du betaler.

Dersom du ikkje betaler, har Kemnaren plikt til å forsøkja å få dekt kravet ved tvang.
Verkemidla er:

Gebyr og/eller betalingsmerknad kan koma i tillegg.

Endra forskotsskatt

Dersom frådraga/inntektene dine er endra eller forskotsskatten er feil, kan du søkja Skatteetaten om endring.
Dersom du har betalt forskotsskatt som seinare vert sett ned slik at forskotsskatten fell bort, får du beløpet tilbake utan rentegodtgjering.

Dersom du ikkje kan betala

Forskotsskatten skal betalast til forfall. Dette gjeld sjølv om du har søkt om å endra skatten, men ikkje fått svar på søknaden. Utsetjing av betaling av skatt eller andre betalingsordningar, vert berre unntaksvis innvilga.

Les meir om betalingsvanskar.

Kontakt

Kemnaren i Os kommune/ Skatteoppkrevjarane i Austevoll og Tysnes
Torggata 7 (Os rådhus), Postboks 84 5202 Os
Telefon: 56 57 50 00