Pengar til gode

Dersom du har pengar til gode ved skatteoppgjeret, får du dei vanlegvis utbetalt 1-2 veker at at skatteoppgjeret er klart. Beløp under 100 kroner vil ikkje bli utbetalt.

Dersom du skuldar pengar til det offentlege, kan tilgodebeløpet bli brukt til å betala desse krava, såkalla motrekning.

Når kjem skatteoppgjeret?

Endra kontonummer

Dersom du ønskjer å endra kontonummer for utbetaling av tilgodebeløp, kan du gjera det i Altinn. Dersom fristen for å endra kontonummer i Altinn har utløpt, kan du oppgje kontonummeret du ønskjer å endra til i eit brev eller e-post til Kemnaren. Legg ved kopi av ID og stadfesting frå bank om at du er eigar av kontoen du ønskjer utbetaling til.

Dersom endringa av kontonummer gjeld ein person som er død, må du legga ved kopi av skifteattest og fullmakt frå eventuelle andre arvingar.

For upersonlege skattytarar: Oppmodinga om endring av kontonummer må vera underteikna av dagleg leiar i selskapet eller den som dagleg leiar har gitt fullmakt til. Legg ved kopi av ID og eventuell fullmakt. Dersom oppmodinga kjem frå advokat, revisor eller rekneskapsførar, er det ikkje naudsynt med fullmakt. Det må òg dokumenterast ved hjelp av bankutskrift at kontoen tilhøyrer selskapet.

Rentegodtgjering

Dersom du har betalt for mykje skatt, får du renter på tilgodebeløpet (Skatteetaten).

Har du ikkje fått skatteoppgjeret?

Kontroller om beløpet har kome inn på bankkontoen din før du tar kontakt med oss. Mange oppgjer skal ut samstundes, så det kan ta litt tid.

Sjekk at du har meldt rett adresse til Folkeregisteret. Flyttar du innan Noreg skal du senda flyttemelding til Folkeregisteret innan åtte dagar. Upersonlege skattytarar må melda flytting til Einingsregisteret.

Kontakt

Kemnaren i Os kommune/ Skatteoppkrevjarane i Austevoll og Tysnes
Torggata 7 (Os rådhus), Postboks 84 5202 Os
Telefon: 56 57 50 00