Restskatt

 

Når Skatteetaten har handsama sjølvmeldinga di, får du eit skatteoppgjer. Då får du vita om du får att pengar på skatten eller om du må betala restskatt.

Ein privatperson, sjølvstendig næringsdrivande eller deltakar i ansvarleg selskap er personleg skattytar. Skatteoppgjer for personlege skattytarar 

Tilleggsforskot

Du får rentetillegg på restskatten. For å unngå dette, kan du betala tilleggsforskot innan 31. mai.

Slik unngår du renter på restskatten

Betalingsfrist

Restskatten vert delt i to like store beløp. Dersom restskatten er på under 1000 kroner, skal heile beløpet betalast på ein gong. Dersom restskatten er på under 100 kroner, vil han ikkje bli kravd inn.

Betalingsfrist for det fyrste beløpet er tre veker etter at du mottok skatteoppgjeret, men aldri tidlegare enn 20. august. Frist for å betala restbeløpet er fem veker etter fyrste betalingsfrist.

Slik betaler du restskatten

Du får tilsendt ein betalingsgiro med KID-nummer etter skatteoppgjeret. Sjølv om du ikkje har mottatt giroen, skal du likevel betala til forfall.

Betal til: 

Kemnaren i Os kommune:

  • Kontonummer: 6345.06.12431
  • IBAN: NO45 0612 431
  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Skatteoppkrevjaren i Tysnes kommune:

  • Kontonummer 6345.06.12237
  • IBAN: NO45 6345 0612 237
  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Skatteoppkrevjaren i Austevoll kommune:

  • Kontonummer: 6345.07.12444
  • IBAN: NO77 6345 0712 444
  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Vel skatteart restskatt og det året skatten gjeld for. Dette er viktig for at betalinga skal registrerast rett.

Du kan få laga eit KID-nummer hos Skatteetaten.

Dersom du betaler frå eit utanlandsk kontonummer: Legg inn kontonummeret du skal betala til på Nordea Bank si nettside, og få generer IBAN-nummer og SWIFT-kode.

Dersom du betaler for seint

Dersom du betaler for seint, må du betala forseinkingsrenter i tillegg til restskatten. Renter løper frå betalingsfristen og heilt til du betaler.

Dersom du ikkje betaler

Du må betala sjølv om du er ueinig i kravet. Sjølv om du klagar på likninga, skal restskatten betalast ved forfall. Dersom du får medhald i klagen, vil du få pengane tilbake. Unntaket er dersom vi brukar tilgodebeløpet til motrekning.

Dersom du framleis ikkje betaler, har Kemnarkontoret plikt til å forsøka å få dekt kravet ved:

Gebyr og/eller betalingsmerknader kan koma i tillegg.

Dersom du ikkje kan betala

Betalingsvanskar

Klage 

Klage på skatteoppgjeret.

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 17.06.2016 12:29

Kontakt

Kemnaren i Os kommune/ Skatteoppkrevjarane i Austevoll og Tysnes
Torggata 7 (Os rådhus), Postboks 84 5202 Os
Telefon: 56 57 50 00