Skatteattest

Ein attest for skatt og meirverdiavgift viser om verksemda eller du som privatperson skuldar skatt, meirverdiavgift eller arbeidsgivaravgift.

Slik bestiller du attest

Du bestiller sjølv attesten i Altinn. Attesten vert produsert same dag og sendt elektronisk i PDF-format til din meldingsboks i Altinn.

Bestill attest for skatt og meirverdiavgift

Dersom du ikkje har moglegheit til å bestilla attesten via Altinn, kan du kontakta Skatteetaten eller Kemnaren for hjelp til å bestilla. 

Kva treng du skatteattest til?

  • Tilbod/anbod/leveransar til offentleg verksemd
  • Søknad om løyve
  • Søknad om skjenkeløyve
  • For å dokumentera at verksemda eller du som privatperson ikkje skuldar skatt eller meirverdiavgift
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 17.06.2016 12:29

Kontakt

Kemnaren i Os kommune/ Skatteoppkrevjarane i Austevoll og Tysnes
Torggata 7 (Os rådhus), Postboks 84 5202 Os
Telefon: 56 57 50 00